Kampen om sjøareala

12/11 2019 10:00 - 13/11 15:00
Ålesund, Scandic Parken
Skriv ut

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings- og interesseorganisasjonar til nasjonal plankonferanse i Ålesund 12. – 13. november 2019.

Jobbar du med, eller lurar du på noko av dette? 

  • Korleis vektar vi samfunnsnytta i kystsonesaker? 
  • Kva treng vi for å få gode planar og konsekvensutgreiingar i sjø?
  • Ryddar vassforvaltninga opp etter aktivitetar og utslepp frå land?
  • Kva er konsekvensane av motstridande interesser og aktivitetar langs kysten?

Tema for konferansen er planlegging og motstridande aktivitetar i kystsona med særleg vekt på kunnskapsgrunnlaget og gode eksempel.

Vi har laga ein nasjonal arena der politikarar og saksbehandlarar får den nyaste informasjonen og ikkje minst kan dele erfaringar.

Konfransen blir strømma, følg den direkte her:

Program 12. november
09.00 Registrering
10:00 Velkommen
10:10 Innleiing
10:30 Samfunnsnytte i miljøforvaltninga v/ Hans Aasen, Klima- og miljødepartementet
11:15 Konsekvensutgreiing av planar for sjøareal v/ Øystein Skofteland, Norconsult
12:00 Lunsj
13:00 Bærekraftsmåla i praksis v/ Tor Arne Alseth, FN-sambandet
13:30 Akvakultur og arealplanlegging i sjø - korleis unngå forvaltningskaos, v/ Lars Alsaker, SANDS
14:00 Pause
14:20 Marine grunnkart - fundamentet for ein blå økonomi, v/ Njål Tengs Hagir, Kartverket
14:50 Marine grunnkart i kommuneplanlegging, v/ Mona Gilstad, Herøy kommune
15:20 Pause
15:50 Cruisetrafikk - kommunen sitt handlingsrom, Kystverket
16:20 Laks på land - status på teknologien, v/ Kyst og havbruksavdelingen, Fiskeridirektoratet
17:00 Slutt for dagen
19:00 Smak av Møre og Romsdal - aperitiff og mingling
19:30 Middag
Program 13. november
09:00 God morgon!
09:10 Alt renn ut i sjøen, ryddar vassforvaltninga opp? v/ Line Fjellvær, Miljødirektoratet
09:40 Arealplanlegging og vassforskrifta i sjø, v/ Lars Ekker, Nordland fylkeskommune
10:10 Handlingsplan mot plastforureining i Oslofjorden, v/ Synnøve Fagerhaug Dalen, Bymiljøetaten Oslo kommune
10:40 Pause - utsjekk
11:10 Nasjonalt program for kartlegging av biologisk mangfald langs kysten, v/ Egil Postmyr, Miljødirektoratet
11:40 Rettleiar praktisk kartlegging etter NIN, v/ Trine Bekkeby, NIVA
12:10 Lunsj
13:15 Planlegging i sjø arealformål og bestemmingar, moglegheiter og utfordringar, v/ Kristin Nordli, Kommunal- og moderniseringsdepartementet
14:00 Miljøet manglar rettsvern, v/ Fredrik Holth, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet NMBU
14:45 Oppsummering
15:00 Vel heim

Dokumenter

Kontakt