Nyttårskonferansen 2020

7/01 2020 09:00 - 8/01 13:00
Scandic Seilet hotell i Molde
Skriv ut

Møre og Romsdal 2025 arrangerer Nyttårskonferansen - møteplassen for toppleiarar i offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal, og vi håper på like god deltaking som sist.

Møre og Romsdal er med i det nasjonale berekraftløftet, ei satsing for smart berekraftig samfunnsomstilling. Derfor er hovudtema for Nyttårskonferansen 2020 berekraft - og korleis offentleg sektor saman kan arbeide fram ein berekraftvisjon for Møre og Romsdal.

Følgande statsrådar har sagt ja til å delta:
•    Monica Mæland, kommunal- og moderniseringsminister
•    Nikolai Astrup, digitaliseringsminister 
•    Jon Georg Dale, samferdselsminister 
•    Sylvi Listhaug, eldre- og folkehelseminister

Til Nyttårskonferansen 2020 inviterer vi ordførarar, rådmenn/kommunedirektørar, toppleiarar for regionale statlege verksemder med ansvar for Møre og Romsdal, fylkesutval, Mørebenken, Ungdomspanelet, og toppleiing i Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Konferansen blir arrangert av prosjektet Møre og Romsdal 2025 og programkomiteen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, KS og NAV

Vi har møterom tilgjengeleg for dei som ønsker å legge møter til konferansedagane og fasiliterer gjerne møter for dei som ønsker det. 

Deltaking blir fakturert i etterkant av konferansen.

Foredragsholdere

Katrin Blomvik Bakken

Møteleiar

Direktør Stiftinga Geirangerfjorden Versarv/Norsk fjordsenter. Arbeider dagleg med å ta vare på, formidle og utvikle verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. Blomvik Bakken har vore pådrivar for oppbygging av eit kompetansesenter for verdsarvområdet og har leia fleire utviklingsprosjekt i regi av verdsarvstiftinga, eit av desse er utviklinga av Grøn fjord partnerskapen – som arbeider for ei berekraftig utvikling av verdsarvfjordane.

Ungdomspanelet

Ungdomspanelet er eit lovpålagt medverknadsorgan for Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart år blir ungdommens fylkesting arrangert, og ungdom frå heile Møre og Romsdal deltek. Under tinget blir eit handlingsprogram for det kommande året og eit arbeidsutval, ungdomspanelet, vald. Ungdomspanelet består av ni medlemar og fem varamedlemar, og skal følgje opp handlingsprogrammet, og vere med å styrke ungdomsinnflytelse og engasjement i fylket vårt.  

Tove-Lise Torve

Fylkesordførar i Møre og Romsdal. Trur på det gode i mennesket. Trur vi får til meir saman enn kvar for oss. Trur meir samarbeid og samhandling gir uante moglegheiter. Trur på Møre og Romsdal, moglegheitenes fylke. Sykepleier, tidlegare stortingsrepresentant og ordførar i Sunndal.

Nikolai Astrup

Digitaliseringsminister. Astrup har vært på Stortinget sidan 2009 og mellom anna leia både Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, og Stortingets finanskomité. Frå januar 2018 til januar 2019 var Astrup utviklingsminister.

Ole Helge Haugen

Spesialrådgivar berekraft. Møre og Romsdal fylkeskommune er første norske fylkeskommune som er med i FN sitt berekraftprogram U4SSC. Haugen skal leie dette arbeidet. Haugen kommer frå stillinga som fylkesplansjef i Møre og Romsdal fylkeskommune og har lang erfaring innan samfunns- og arealplanlegging.  

Monica Mæland

Kommunal- og moderniseringsminister. Mæland var nøringsminister frå 2013 til 2018. Mæland er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen og har lang erfaring som politikar, blant anna ti år som byrådsleder i Bergen. 

Rigmor Brøste

Fylkesmann i Møre og Romsdal. Brøste har lang erfaring frå offentleg sektor. Brøste har vore assisterande Fylkesmann sidan 2012. Før det var ho rådmann i Nesset kommune, og frå 1999 til 2006 var ho personal- og organisasjonssjef i Molde kommune.

Sylvi Listhaug

Eldre- og folkehelseminister. Før det var hun justis-, beredskaps- og innvandringsminister. Listhaug er ein av ni stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal i stortingsperioden 2017-2021. Ho er opprinneleg frå Ørskog.

Jon Georg Dale

Samferdselsminister. Dale var frå 2015 til 2018 statsråd i landbruks- og matdepartementet, han sitt nå som representant for Møre og Romsdal i Stortinget. Dale er opprinneleg frå Volda og kjøttskjerar av yrke.

Hilde Aspås

Dagleg leiar for NCE iKuben. NCE iKuben arbeider med innovasjon og omstilling i næringslivet der verdien av samarbeid, tverrfaglegheit og delingskultur vektleggast sterkt. Dette gjelder også i arbeidet med berekraft, som er eit av hovudsatsingsområdane til iKuben.

Kjell J. Larsen

Administrerande direktør i Pipelife. Pipelife Norge har fabrikker i Stathelle, Ringebu og Surnadal, og er Norges største produsent og leverandør av rørsystem i plast. Rørsystema nyttes til vann, avløp, kabelbeskyttelse og elektriske husinstallasjonar. Pipelife Norge er ein innovativ bedrift med egen forsknings- og utviklingsavdeling i Surnadal. Overordna mål er bærekraftig industriell vekst i Norge.

Joel Mills

Dagleg leiar i Offshore Simulator Center (OSC). Mills er ein pioner innan simulering og visualisering med bakgrunn som industridesigner. Han er lidenskapelig opptatt av å bruke elegant teknologi og menneskesentrert design til å redusere kostnader, finne betre løysningar, auke sikkerheita og betre livskvalitet.

Torild Fagerbekk

Avdelingsdirektør for avdelinga Samferdsel, Plan og Miljø i KS. Fagerbekk har lang kommunal erfaring, både innan bygg og plan. Frå 2008 til 2017 var ho plansjef i Skedsmo kommune.

Arne Krokan

Professor ved NTNU. Krokan forskar på korleis teknologi, og spesielt digitale tenester, endrar samfunnet. Krokan er ein av Norges mest ettertrakta foredragshaldarar innafor digitalisering og teknologi.

Program 7. januar

Det kan komme endringar i programmet.

09.00 Registrering
10.00 Møre og Romsdal 2025 - vel møtt! v/Tove-Lise Torve, Fylkesordførar, Møre og Romsdal
Berekraft og digitalisering v/Nikolai Astrup, digitaliseringsminister
Velkommen med! Videohelsing frå Kari Aina Eik, FN-programmet for smarte og berekraftige byar (U4SSC)
Det norske berekraftløftet v/Kristian Mjøen, Trondheim kommune
Berekraftfylket Møre og Romsdal v/Ole Helge Haugen, Møre og Romsdal fylkeskommune
12.00 Lunsj
13.00 Framtidas kommunar i Møre og Romsdal v/Monica Mæland, kommunal- og moderniseringsminister, og Rigmor Brøste, Fylkesmann, Møre og Romsdal
Berekraft i Møre og Romsdal - utfordringar og moglegheiter v/Sylvi Listhaug, eldre- og folkehelseminister, og Jon Georg Dale, samferdselsminister
Berekraft i næringslivet v/Hilde Aspås, NCE iKuben
Berekraftige løysingar for samfunnet v/Kjell J. Larsen, Pipelife Norge AS
"Digital tvilling" v/Joel Mills, Offshore Simulator Centre AS (OSC)
17.00 Slutt for dagen
19.30 Konferansemiddag, Bjørnsonsalen
Program 8. januar

Det kan komme endringar i programmet

08.30 Utfordringar til foreldregenerasjonen v/Ungdomspanelet
Korleis arbeider KS med berekraft v/Torild Fagerbekk, KS
NAVs omverdensanalyse v/Stein Veland, NAV Møre og Romsdal
Éin digital offentleg sektor v/Arne Krokan, NTNU
Berekraft i kommunane v/fem kommunar i Møre og Romsdal
Oppsummering og berekraftavtale
12.00 Lunsj
Påmeldingsskjema

Overnatting: Deltakarane må bestille overnatting sjølv. Vi har reservert rom på Scandic Seilet hotell i Molde 7.-8. januar. Ønsker de å bestille rom der oppgi bookingkoden BNYT070120 eller Nyttårskonferansen 2020. Bestilling må gjerast via mail: Seilet@scandichotels.com, eller telefon 71 11 40 02.

Påmeldinga er bindande, ved avmelding etter 20. november 2019 vil di verksemd bli fakturert.

Kontakt