Klimasamling for kommunane

11/11 2021 12:00 - 12/11 12:00
Ålesund
Skriv ut

Alle kommunane i Møre og Romsdal er inviterte til samling for å styrke arbeidet med klimatilpassing og utsleppskutt. Samlinga har to deler: Ei fysisk samling i Ålesund, lunsj til lunsj, 11. og 12. november 2021 og ein digital del, med fagleg djupdykk gjennom fleire webinar. Samlinga vert arrangert av Miljødirektoratet, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), Statsforvaltaren og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Praktisk kompetanse

Formålet er å gje tilsette frå ulike fagområde auka praktisk kompetanse og knytte kontakt med kollegaer i andre kommunar, med tanke på framtidig samarbeid og deling av kompetanse og ressursar. Vi ønsker også å løfte fram viktigheita av at alle delar av kommunen si verksemd deltar aktivt i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn.

Toppleiarforum

Vi har dialog med KS om å legge denne samlinga "back-to-back" med KS si leiarsamling i fylket. På den måten håper vi å få god oppslutting om klimasamlinga si toppleiarforum, som er eigen sesjon på den fysiske samlinga for ordførar og kommunedirektørar.

Kven bør delta?

Vi oppfordrar kommunane til å vere representert med fleire personar på samlinga, både fordi det er mange i kommunen som er viktig for framdrift i klimaarbeidet og fordi det kan auke sjansane for eit løft i klimaarbeidet etter samlinga. Leiar og fagansvarlege for utsleppskutt, klimatilpassing, miljø og berekraft, innkjøp, næringsutvikling, planlegging, landbruk, bygg- og eigedomsforvaltning er alle viktige i dette arbeidet.

Opphald vert dekka av arrangør

Arrangørane dekker opphaldet for begge dagane, mens kommunane må dekke reisa sjølv. Vi tar sikte på å dekke overnattingar for inntil fire personar for kvar kommune frå 11. til 12. november + overnatting frå 10. til 11. november for deltakarar som treng dette pga. lang reiseveg. Samlinga er lagt lunsj til lunsj i håp om at flest mogleg ikkje treng meir enn ei overnatting.

Program og meir informasjon

Program for samlinga: https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/arrangementer/2021/november-2021/klimasamling-for-kommunene-i-more-og-romsdal/ Formålet med den digitale delen er å gi deltakarane meir fagspesifikk kompetanse.

Korona

Vi håper og trur at det lar seg gjere å gjennomføre samlinga fysisk. Vi ber dykk derfor planlegge for at det blir ei fysisk samling.

Påmelding

Påmeldingsfrist er 15. september. 

Kontakt