Workshop og partnertreff for opplevingsnæringa

25/10 2022 09:30 - 15:00
Molde, Hotell Scandic Alexandra
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune drar i gang satsinga «Opplev heile Møre og Romsdal – heile året». Målet er å gjere Møre og Romsdal meir attraktivt som reisemål. Skal vi få til dette treng vi fleire opplevingar i skjeringspunktet reiseliv og kultur. Det er mangfaldet som gjer oss attraktive!

Vil du være med på denne satsinga? Startskotet går tysdag 25. oktober på Scandic Hotel Alexandra i Molde. Meld deg på i skjemaet under!

Midlar til forprosjekt

Å bygge gode nettverk tek tid. Vi kjem derfor til å lyse ut midlar til forprosjekt. Inntil 10 nettverk kan søke om inntil 50 000 kroner til å utvikle ein ide som ligg i skjeringspunktet kultur og reiseliv. Våren 2023 blir det lyst ut midlar til hovudprosjekt. Dette blir det meir informasjon om under workshopen.

Kven kan delta på worskhop og partnartreff på Alexandra?

Alle som føler seg heime i omgrepet opplevingsnæringane er velkomen til å delta, det vil seie aktørar innan:

  • Mjuke opplevingar som for eksempel teater, konsertar, museum, historiske spel, kulturmiljø, festivalar og historiske ferdselsårar
  • Aktive naturopplevingar som mellom anna kajakk, klatring, rafting, ski, sykkel og vandring
  • Tradisjonelt reiseliv som hotell, restaurant og campingplassar.

Skal vi lykkast med denne satsinga, er vi er avhengige av innspel frå deg. Derfor er arrangementet er gratis. 

Frist for påmelding: 18. oktober 2022

Påmeldingsskjema
27 påmeldinger

Kontakt