Støtte til grøne innovasjonsprosjekt

25/10 2021 08:30 - 26/10 13:00
Ålesund, Molde, Kristiansund
Skriv ut

Vi inviterer bedrifter og kommunar til dialog om kva Innovasjon Norge, Forskingsrådet og Regionale forskingsfond Møre og Romsdal kan bidra med av rådgiving og støtte til grøne omstillingsprosjekt.

 Du treng ikkje å ha erfaring med forsking- og innovasjonsprosjekt for å delta.

Vi står føre ei omstilling til ein grøn økonomi med fokus på lågutslepp og nye løysingar. Nyskaping og omstilling er risikabelt.  Risikoavlastning er viktig for realisering av nye krevjande prosjekt, og verkemiddelapparatet kan hjelp til å realisere prosjekta.

 Her får du meir informasjon om:

  • Gjeldande verkemidlar og moglegheiter
  • Korleis utvikle prosjekt frå ide til realisering gjennom samarbeid med kundar, leverandørar, offentleg verksemder og forskingsmiljø.

 Du får også høyre erfaring frå gode forskings- og innovasjonsprosjekt.  

  • Ålesund: Skansekaia 4A, 25. oktober kl. 08:30 – 11:00 (frokost frå kl 08:00)
  • Molde: ProtoMore -  Britveien 4, 25. oktober kl. 14:00- 16:00 (dette arrangementet er også digitalt)
  • Kristiansund: Kulturfabrikken – Fosnagata 35, 26. oktober kl. 14:00 -16:00 (lett servering)

Påmelding Kristiansund : http://www.vindelhub.no/index.php?kategori=arrangementer&id=113

Påmelding Molde: https://www.protomore.no/arrangementer/stotte-til-gronne-innovasjonsprosjekt (digitalt og fysisk)

Påmelding Ålesund: (bruk skjemaet under her)

 

Påmeldingsskjema
Eg vil delta i Ålesund 25.10