Samarbeid for vekst del III - Innovative innkjøp - grunnleggande innføring (kurs)

31/08 2021 13:00 - 15:00
Ålesund, NMK (The North West)
Skriv ut
Dette er eitt av tre arrangement (tysdag 31. august under The North West) med tema: Forsking og innovasjon: investering, samarbeid, berekraft og regelverk. Kva gevinstar får bedrifter og kommunar av å investere i forsking og innovasjon? Korleis oppdage nye forretningsmoglegheiter og få auka verdiskaping gjennom samarbeid med andre bedrifter, klynger, forskingsmiljø, inkubatormiljø og investorar?

 

Dette er også første modul i serien Innovative innkjøp. Sjå alle modulane på mrfylke.no/kalender.

Tema: innkjøpsregelverket, innovasjons- og utviklingskontrakter, samarbeid med oppstartsbedrifter og gründerar, verkemiddel (støtte og finansiering)

Denne modulen passar for: leiarar og medarbeidarar i kommunar og offentlege verksemder som arbeider med innovasjon og utvikling saman med næringslivet, rådgivarar som bidrar i innkjøpsprosessar, leverandørar til offentleg sektor, rådgivarar/tilsette i inkubatormiljø

Innhald:   

  • Når gjeld innkjøpsreglementet (lov og offentlege innkjøp) og når gjeld det ikkje?
  • Kva er forskjellen på eit «innovativt innkjøp» og eit «utviklingsprosjekt» og korleis skil regelverket mellom desse? 
  • Korleis kan kommunen bruke innovative innkjøp i innovasjons- og utviklingsprosjekt?
  • Kva verkemiddel finst for innovative innkjøp (nasjonalt og regionalt), kven kan søke støtte og kva kan ein få støtte til?
  • Korleis kan kommunen bidra til næringsutvikling gjennom innkjøps- og utviklingskontrakter?

 

Påmeldinga er no stengt

Kontakt