Samarbeid for vekst del II - ny støtteordning for samskapingsprosjekt mellom kommune og gründer

31/08 2021 10:15 - 12:00
Campus Ålesund, The North West
Skriv ut

Dette er eitt av tre arrangement (tysdag 31. august under The North West) med tema: Forsking og innovasjon: investering, samarbeid, berekraft og regelverk. Kva gevinstar får bedrifter og kommunar av å investere i forsking og innovasjon? Korleis oppdage nye forretningsmoglegheiter og få auka verdiskaping gjennom samarbeid med andre bedrifter, klynger, forskingsmiljø, inkubatormiljø og investorar? 

Målgruppe for dette arrangementet: næringsliv, gründerar, kommunesektor,  investorar 

Møre og Romsdal fylkeskommune har sett av til saman 1,8 mill. kroner til fire samskapingsprosjekt mellom kommune og gründer.

Formålet med støtteordninga er prosjektsamarbeid mellom kommunar og oppstartselskap/gründerar om problemstillingar kommunane har avdekt gjennom berekraftkartlegginga. 

Leiar for berekraftsatsinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Helge Haugen, vil snakke om berekraftkartlegginga som alle kommunane i Møre og Romsdal har gjennomført, og kva forretningsmoglegheiter som ligg der. 

Rådgivar Anna-Marie Hatlestad vil presentere den nye støtteordninga. 

I samband med støtteordninga skal det utviklast ei rådgivingsteneste til oppstartselskap/gründer og kommune. Dagleg leiar Marielle Furnes Manseth gir Framtidslaben informerer om kva rolle dei kan ta som koordinator for rådgivingstenesta.

Til slutt blir det ein kort verkstad der vi ønskjer dialog med gründerar, kommunar og andre interesserte om:  

  1. Kva berekraftindikatorar vil kommunane prioritere å løyse og kva indikatorar kan det lokale næringslivet bidra med løysingar til? Kva prosess bør vi legge opp til for å velje prosjekt som får støtte?
  2. Støtteordninga tar utgangspunkt liknande ordningar nasjonalt og internasjonalt, der det blir lagt opp til eit fast utviklingsløp. Kva element er viktig å ta med i vår ordning?  
  3. Støtteordninga skal bidra til regional næringsutvikling og i tillegg ha eit eksportpotensial. Kva er eit godt prosjekt, sett frå investoranes ståstad? 

Påmeldinga er no stengt