Samarbeid for vekst del I - lansering av FoI-strategi (frokost-seminar)

31/08 2021 08:30 - 10:00
Campus Ålesund, NMK, The North West
Skriv ut

Dette er eitt av tre arrangement (tysdag 31. august under The North West) med tema: Forsking og innovasjon: investering, samarbeid, berekraft og regelverk. Kva gevinstar får bedrifter og kommunar av å investere i forsking og innovasjon? Korleis oppdage nye forretningsmoglegheiter og få auka verdiskaping gjennom samarbeid med andre bedrifter, klynger, forskingsmiljø, inkubatormiljø og investorar? 

Velkommen til frokostseminar med lansering av den nye forskings- og innovasjonsstategien for Møre og Romsdal. 

Agenda: 

Leiar for styringsgruppa, Thomas Vekve frå Brunvoll, vil orientere om strategien og snakke om korleis Brunvoll brukar forsking og innovasjon til utvikling og vekst i bedrifta. 

Mette Holand frå Molde kommune og May Britt Solheim frå Dahl kontor fortel om kva gevinstar eit forskings- og innovasjonsprosjekt dei har samarbeidd om har hatt å seie for kommunen og bedrifta, og kva endringar det har medført. 

Påmeldinga er no stengt

Kontakt