Nasjonal konferanse om cruiseturisme til Noreg

25/10 2021 09:00 - 16:30
Bergen, Scandic Ørnen Hotel
Skriv ut

Fylkeskommunane Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland arrangerer for andre gong nasjonal cruisekonferanse i Bergen.

Konferansen er aktuell for alle aktørar i Noreg som er involvert i cruiseturisme, samt interesseorganisasjonar, offentlege etatar, kommunar, fylke og departement. 

Meld deg på innan 18. oktober (lenke til Vestland fylkeskommune)

På konferansen ønskjer vi å sette søkelys på ein del sentrale spørsmål og utfordringar rundt cruiseturisme som Noreg står overfor. Ny nasjonal reiselivsstrategi, nullutsleppskrav, framtidige energiløysingar og beredskap vil vere tema på konferansen. Det vil også bli presentert nye forskingsresultat frå eit prosjekt som har sett på effektane av fråver av cruiseturisme i 2020.

Hovudmålet med konferansen er å auke kunnskapen knytt til dei mange utfordringane omkring cruiseturisme i Norge, slik at både næringa og det offentlege kan ta best moglege beslutningar om korleis ein skal planlegge og tilrettelegge for framtidig cruisturisme i Norge.

 

 

Kontakt