Kurs i habitattiltak i sjøaurebekkar - UTSETT

16/09 2022 17:00 - 17/09 15:00
Havila Hotel Ivar Aasen i Ørsta kommune, med praktisk del i Steinsvikelva i Volda kommune
Skriv ut

Kurset er dessverre utsett. Ny dato kjem.

Prosjektet «Mange bekkar små» inviterer til kurs i restaurering og habitatforbetrande tiltak. 

Formål med kurset 

Formålet med kurset er å gi deltakarane kompetanse i å planlegge og å gjennomføre eit konkret prosjekt for å betre gyte- og oppveksttilhøva for sjøauren gjennom fysiske tiltak. På forhånd skal det vere lagt ein plan og søkt om nødvendige løyver til gjennomføring av tiltaka. Forarbeidet vil bli presentert og gjennomgått, men hovudmålet med kurset er å gjennomføre dei habitatforbetrande tiltaka. 

Stad: Kurset blir på Havila Hotel Ivar Aasen i Ørsta kommune og praktisk del i Steinsvikelva i Volda kommune.

Tidspunkt: Kjem tilbake med ny dato.

Fullstending program vil bli sendt ut  

Kursholdarar: Marius Kambestad, NORCE, Geir Moen, Statsforvaltaren, Håkon Slutaas og Åsa Fredly i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Kursavgift: Kurset er gratis og inkluderer middag fredag og lunsj laurdag. Dersom du treng overnatting, må du bestille dette sjølv. 

Program fredag 16. september (Hotel Ivar Aasen)
17.00 Velkommen og presentasjon
17.10 “Mange bekkar små” -kort om kartleggingsprosjektet og status v/Håkon Slutaas, Møre og Romsdal fylkeskommune
17.30 Kort om status for sjøaurebestander i Møre og Romsdal v/Geir Moen, Statsforvaltaren iMøre og Romsdal
17.45 Kva er ein god sjøaurebekk?–sjøaurens biologi og habitatbruk v/Marius Kambestad, NORCE
18.15 Pause
18.30 Gode habitattiltak i ein sjøaurebekk i dårleg tilstand, v/Marius Kambestad, NORCE
19.00 Framgangsmåte for å gjennomføre tiltak: planlegging, søknadar, gjennomføring og etterarbeid v/ Åsa Fredly og Håkon Slutaas, Møre og Romsdal fylkeskommune og Geir Moen, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
19.30 Avslutning
20.00 Middag
Program laurdag 17. september (innst i Dalsfjorden)

Ta med støvlar eller vadarar og hanskar. Ta med grafse og spade om du har. 

09.30 Oppmøte Steinsvikelva ved demning i utløp av Vassbakkvatnet
11.30 Lunsj
12.30 Arbeidet i bekken held fram
15.30 Oppsummering og avslutning
16.00 Heimreise
Påmeldingsskjema
12 påmeldinger

Kontakt