Shared Reading, kurs leseleiar

1/11 2022 10:00 - 3/11 17:00
Ålesund frivilligsentral
Skriv ut

I regi av prosjektet «Litterære pusterom – Shared Reading for større livskvalitet» inviterer vi i samarbeid med Ålesund kommune til leseleiarkurs i Shared Reading-metoden.

Dette kurset er for frivillige knytt til Ålesund frivilligsentral, men dersom det er ledige plassar kan også andre delta. Sjølve kurset er gratis. Eventuelle utgifter til reise og overnatting dekker deltakar sjølv.

Gratis. 12 plassar. Frist for påmelding: 17. oktober.

Dersom kurset blir fullteikna blir det laga venteliste.

Varigheit: 18 timar fordelt over tre dagar, kl. 10–17 alle dagane.

Du søker om å få delta ved å sende inn skjemaet her. Skriv litt i kommentarfeltet om kvifor du vil vere med på kurset, så fordeler vi dei 12 plassane så godt vi kan.

Kurset er for deg som

  • er glad i litteratur og opptatt av menneske sin vekst
  • ønsker å lære korleis du kan halde lesestunder med Shared Reading
  • vil bruke Shared Reading i arbeidet ditt eller som frivillig

Vi ønsker å rekruttere kursdeltakarar som vil halde Shared Reading-lesestunder etter kurset, som sertifiserte leseleiarar.

Kva er Shared reading?

Metoden går ut på å lese ein skjønnlitterær tekst høgt i ei gruppe og ha ein samtale om teksten etterpå. Det er ein leseleiar som leier gruppa og som les. Fokuset i samtalen er på opplevinga av teksten, ikkje litterær analyse. Vi undrar oss saman. Målet er ikkje å kome fram til ei felles tolking, men å bringe inn ulike perspektiv og opplevingar av teksten, slik at vi utvidar opplevinga for kvarandre. Vi les for å bli klokare på oss sjølve – og på andre.

Les ei god innføring om Shared Reading på Litteraturbloggen til Deichman.

Om kurset og påmelding

Du vil få lære om

  • kva som kjenneteiknar Shared Reading-metoden, og bakgrunnen for metoden
  • val og førebuing av tekst
  • høgtlesinga; funksjon og teknikkar
  • korleis bli bevisst rolla di som leseleiar
  • korleis kome i gang med grupper

Du kjem til å få oppleve Shared Reading i praksis og gjere øvingar og oppgåver som førebur deg på rolla som leseleiar.

Det er ei målsetting at alle deltakarar skal praktisere som leseleiarar etter kurset.

Kurset blir halde av Kari Hortman, prosjektleiar for Litterære pusterom, og Åshild Widerøe, prosjektmedarbeidar og rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bakgrunn

Shared Reading vart utvikla av The Reader Organisation i England. Metoden er i bruk i fleire land.

Kurset er del av prosjektet "Litterære pusterom – Shared Reading for større livskvalitet" i Møre og Romsdal og Trøndelag, støtta av Sparebankstiftelsen SMN med 3 millionar kroner i perioden 2019–2022. Følg prosjektet på Facebook.

Kontakt arrangør: Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgivar Åshild Widerøe, ashild.wideroe@mrfylke.no, tlf. 71280502

 

Påmeldingsskjema

Kontakt