Regionale samlingar for biblioteka og frivillige organisasjonar

27/10 2021 10:00 - 4/11 15:00
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til regionale samlingar som handlar om livslang læring i biblioteka, og korleis ein kan samskape med frivillige organisasjonar/ressursar for å nytte biblioteka som kunnskapsformidlarar.

Målgruppe

  • Frå kommunane: Biblioteksjefar, bibliotektilsette som ønsker å jobbe meir med frivilligheit, VGS-skulebibliotekarar og tilsette frå frivilligsentralar.
  • Frå frivilligheita: Regionledd, paraplyorganisasjonar, studieforbund og lokale frivillige organisasjonar i fylket.

Hovudtema

Med ei verd som er i stadig endring er det viktig at vi klarar å omstille oss. Biblioteka har ei viktig rolle i denne prosessen. Vaksenopplæringslova skal bidra til motivasjon og tilgang til kunnskap og kompetanse for alle, og slik fremje den enkelte si utvikling og møte behova i samfunns- og arbeidslivet. FNs berekraftsmål nr. 4 har fokus på god utdanning, som seier at vi skal sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning for å fremme moglegheiter for livslang læring for alle.

Desse samlingane vil sette fokus på livslang læring i biblioteka, og biblioteka som kunnskapsaktørar.

Ved meir samarbeid mellom bibliotek og frivillige organisasjonar kan vi

  • Inkludere fleire
  • Skape nye møteplassar
  • Gi fleire moglegheit til å ta utdanning/vaksenopplæring
  • Sette fokus på livslang læring

Det vil vere ei samling per region i Møre og Romsdal. Samlingane vil fungere som ein stad å skape nye nettverk for biblioteka og frivillige organisasjonar, og for å auke kompetansen innan samarbeid og frivilligheit. Programmet vil passe for dei biblioteka som har mykje samarbeid, og dei som endå er i startfasen med å opprette nye samarbeid med frivillige organisasjonar.

Endeleg program er ikkje ferdig endå, og vil bli lagt ut her når alt er på plass.

Pris

Samlinga er dekt av fylkeskommunen. Kvar enkelt må betalte reise sjølv.

 Påmeldingsfrist 

11. oktober.

Vi oppfordrar til at de deltar i dei regionane de høyrer til. Viss dato ikkje passar vil det vere mogleg å delta i ein annan region.

 Lokale kjem seinare!

 

Påmeldingsskjema
Førebels tidsramme er 10-15 på kvar av dagane

Kontakt