Kurs i spelformidling med Bibliogames

2/12 2021 10:00 - 3/12 14:00
Kristiansund og Ålesund
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til kurs i spelformidling i regi av Bibliogames som har lang erfaring med kursing i spelformidling. I desember har vi kurs i Kristiansund og Ålesund. Alle tilsette i folkebiblioteka i fylket kan delta.

Du får lære korleis du kan formidle dei ulike spilltypane, og korleis du kan jobbe med dei ulike spelarane man vanlegvis møter i biblioteket. Det blir ei praktisk del med testing av spel på dei ulike plattformene. Fokuset vil vere på sosiale spel, temautstillingar og spel frå den norske innkjøpsordninga.

Program:

Kl. 10:00-11:30 Foredrag: Spelformidling i bibliotek – sosiale spel og spelarar

Kl. 11:30-12:00 Lunsj

Kl. 12:00-14:00 Verkstad: Spelformidling og test av spel og ustyr

Torsdag 2. desember – Klubba, Caroline konferansesenter (Vågeveien 4, 6509 Kristiansund)

Fredag 3. desember – Biblioteksalen, Ålesund rådhus (Keiser Wilhelms gate 11)

Det er gratis å delta, inkl. lunsj. Påmelding er bindande og det er dei 15 første påmelde på kvar plass som får delta.

 

Påmeldingsfrist

12. november i Ålesund.

Ny påmeldingsfrist er 1. desember for kurs i Kristiansund. Send e-post til kontaktperson for å melde deg på.

 

Kontakt