Kunstnartreff 25. november i Molde

25/11 2021 16:30 - 19:30
Scandic Alexandra Molde
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til kunstnartreff for profesjonelle kunstnarar i samband med årets fylkeskulturkonferanse i Molde.

Våren 2020 delte Møre og Romsdal fylkeskommune ut to arbeidsstipend og sju mindre stipend til kunstnarar innan visuell kunst, musikk, litteratur, film og scenekunst. På kunstnartreffet vil stipendmottakarane fortelje om sine prosjekt og dele sine erfaringar frå prosjekta. Vi håpar at dei kan vere til inspirasjon for andre kunstnarar.

Det er ein ambisjon å starte ein møteplass mellom kunstnarar på tvers av uttrykk som kan gi nye og spennande samarbeid. Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker også å vere med på å synleggjere kunstnarane og arbeidet dei gjer. 

Vi ønsker kunstnarar, kommunar og kunst- og kulturinstitusjonar velkommen til å delta denne dagen.

Kunstnarane som vil presentere seg og sine prosjekt er:

  • Gjertrud Hals (tekstilkunstnar) – mottakar av arbeidsstipend 
  • Tor Sivertstøl (filmskapar) – mottakar av arbeidsstipend
  • Terese Longva (kunstnar)
  • Liv Sønderland (kunstnar)
  • Svein Sæter (forfattar)
  • Eldrid Schrøder Kvalvik (regissør, manusforfattar)

Program ligg nedst på sida. Det vil bli servert ein liten matbit samt te og kaffi.

Med deg på i skjema under. Påmeldingsfrist er 20. november.

Dokumenter

Kontakt