Innspelsmøte ny kunstnarmelding
Storyville på kulturhuset Plassen, Molde
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til eit innspelsmøte i samband med Regjeringa si komande kunstnarmelding.
Kultur- og likestillingsdepartementet har gjenopptatt meldingsarbeidet, og fylkeskommunane er invitert til å gi innspel i prosessen.
Vi ønsker samhandling for å skape eit godt innhald til det fylkeskommunale innspelet.
Målgruppe:
- Regionale kunst- og kulturmiljø som produserer, utviklar og er engasjert i profesjonell kunst innan alle kunstuttrykk. Eksempel på dette er regionmuséa, teater, opera, festivalar med regional forankring, regionale kompetansearbeidsplassar.
- Kommunar
- Regionale interesseorganisasjonar som omfattar profesjonell kunst/kunstnarar
Målet for regjeringa bygger på Hurdalsplattformen sitt ønske om tilrettelegging for fleire kulturarbeidsplassar og kompetansemiljø over heile landet.
Kva skal til for at profesjonelle kunstnarar ønsker å etablere seg utanfor dei største byane? Og kva blir krevd av ulike kompetansemiljø, som for eksempel arrangørar og visningsstader, for å nå dette målet?
Kultur- og likestillingsdepartementet er elles oppteken av at arbeidet med meldinga inkluderar innspel frå aktørane generelt, og du kan lese meir om dette her: https://www.regjeringen.no/no/tema/kultur-idrett-og-frivillighet/innsiktsartikler/om-arbeidet-med-ny-kunstnermelding/id2912820/
Møteforma vil vere fellesøkter og verkstader.
Det vil bli servert lunsj.
Frist for påmelding er 11.august.