Gjennomgang av spelemidelordninga

20/10 2022 09:00 - 14:00
Scandic Parken, Ålesund
Skriv ut

Kultur- og likestillingsdepartementet inviterer saman med fylkeskommunen til ein gjennomgang av spelemidelordninga. Departementet besøker alle fylka for å få innspel til korleis spelemidelordninga kan bli betre og meir effektiv. Det er eit ønske om at det deltar representantar frå kommunar, idrettskrets, idrettsråd, friluftsråd og eventuelt andre aktørar på friluftsområdet, skyttarlag, og eigenorganiserte miljø.

Vi håpar mange vil delta på både gjennomgangen av spelemidelordninga og Tvergakonferansen same stad dagen før (sjå eiga påmeldingslenke). Deltakinga er gratis begge dagar. Overnatting kostar 1 125 kroner for enkeltrom og betalast i resepsjonen på hotellet. Fylkeskommunen dekker overnatting ei natt for inntil to personar frå kommunane. Om nokon ønsker overnatting fleire netter, eller i dobbeltrom etc. så skriv det gjerne inn i kommentarfeltet.

PS! Det vil bli mogleg å følgje møtet digitalt. Du må likevel melde deg på ved å krysse av for «Deltar digitalt» i påmeldingsskjemaet.

Vi oppmodar om at aktørar/organisasjonar som følgjer møtet digitalt om å sende skriftlege innspel til anlegg@kud.dep.no. Merk innspela med organisasjon og kva fylke de kjem frå i tittellinja.

Meir detaljert program og infoskriv frå Kultur- og likestillingsdepartementet finn du som pdf lenger ned på sida.

Velkomen!

Påmeldingsfrist: 1. oktober

Påmeldingsskjema

Dokumenter

Kontakt