Fylkeskulturkonferansen 2023
Molde
Velkommen til fylkeskulturkonferansen 2023!
Tema for konferansen
Tema for årets fylkeskulturkonferanse er lokal og regional kulturpolitikk. Kvifor skal vi ha ein kulturpolitikk? Korleis utviklar vi kulturpolitikk? Korleis påverkar ekspertane sitt inntog i offentleg politikkutforming rammene for god og demokratisk styring? Dette er nokre sentrale spørsmål i årets konferanse.
Konferansen legg det utvida kulturomgrepet til grunn, og det vil mellom anna vere parallelle sesjonar som tek opp idrett, friluftsliv, folkehelse, kunst- og kulturtilbod til barn og unge.
Temaet er valt fordi 2023 er valår, det kjem nye nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging og alle i kommunal sektor skal utarbeide ein ny planstrategi.
Program
Konferansen er strukturert rundt hovudtema, med innlegg og rom for dialog på scena mellom sentrale aktørar i kulturfeltet. Konferansen går over to dagar, og det er lagt opp til parallelle sesjonar der møtedeltakarane sjølv kan velje kva dei deltek på etter eigen interesse. Det er eit mål at hovudtema skal ha betydning for innretting og diskusjon i dei parallelle sesjonane.
Dag 1
- Kulturpolitikk for framtida
- Kunnskapsbasert politikkutforming
- Parallelle sesjonar – nettverkssamlingar
- Middag
Dag 2
- Kommunal og regional planlegging
- Parallelle sesjonar – tverrgåande tema
- Gode døme
- Vel heim og sein lunsj
- Nettverksmøte kultursjefar MR
Programmet vil bli oppdatert etter kvart som føredragshaldarar stadfestar deltaking, og vil vere klart i siste halvdel av mars.
Målgruppe
Hovudmålgruppa er kommunalt tilsette innanfor fagområda omtalt ovanfor, og gjerne politisk leiing. I tillegg vil konferansen vere av stor interesse for det breie kulturfeltet i fylket.
Alle deltakarar må betale overnatting og middag sjølv.