Fylkeskulturkonferanse 9. november i Ålesund

9/11 2021 11:00 - 15:30
Terminalen Ålesund
Skriv ut

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til årets fylkeskulturkonferanse. I år arrangerer vi tre fysiske konferanser, i Ålesund, Kristiansund og Molde.

Kva betyr kulturen i FN sine berekraftsmål?  

Berekraftsmåla til FN handlar om å finne balanse mellom alle dei ulike dimensjonane som utgjer eit samfunn som utviklast til det betre for innbyggarane. Kulturell og kreativ næring kan bidra med lokal og regional sysselsetting, både direkte og indirekte gjennom ringverknader til andre næringar. Slik er også økonomi eit viktig element i berekraftsmåla og dette vil vi belyse gjennom den andre fylkeskulturkonferansen i haust.

Framtidslaben som er lokalisert i Ålesund er del av FN sitt program for smarte og berkraftige byar og er eit nettverk kor fleire lokale og regionale kulturaktørar inngår og jobbar på lag med andre aktørar for å oppnå FN sine berekraftsmål.

Ein av Framtidslabens viktigaste arenaer er The North West, eit nettverk og konferanse som samlar mange relevevante aktørar for regional samfunnsutvikling. Leiaren av The North West, Gjermund Kvernmo Langset kjem for å fortelle om kulturen si rolle i dette arbeidet.

Momentium ved Ante Giskeødegaard vil delta for å dela korleis dei jobbar med verdiskaping innan kulturell og kreativ næring.  Frå Aafk kjem adm.dir. Geir S. Vik for å fortelje om Aafk Samfunn og korleis dei ønsker å være ein drivkraft for økonomisk berekraft i regional næringsliv gjennom sitt samarbeid med Framtidslaben, Action Now.

Programmet ligg i pdf nedst på sida.

Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv deltek på alle tre konferansane. Deira tilnærming vil synleggjere korleis dei jobbar med fleire dimensjonar av berekraft og korleis dette er avgjerande for deira breie forankring og suksess. Miljødimensjonen har lenge hatt fokus grunna reelle, store utfordringar med cruisetrafikken. No melder samarbeidspartar og lokalsamfunn behov for eit breiare perspektiv på berekraft som også sikrer levande lokalsamfunn og utvikling i andre sektorar. Stiftinga jobbar målretta med dette, og vil dele arbeidet med publikum. Les meir på om Norsk fjordsenter på nettsida deira (lenke opnast i ny fane).

 

Vi tek atterhald om endringar i programrekkefølga.

Meld deg på i skjema under. Påmeldingsfrist er 2. november

Påmeldingsskjema
0 påmeldinger

Dokumenter

Kontakt