FrivilligFORUM 19. mai 2022

19/05 2022 10:00 - 15:00
Scandic Hotel Seilet, Molde
Skriv ut
Den 19. mai inviterer fylkeskommunen til FrivilligFORUM i Molde med tema berekraft og kunnskapsgrunnlag

 

Hovudtema

Tema for samlinga vil vere berekraft i frivilligheita og kunnskap om frivillig sektor i fylket - kva trenger vi å vite meir om? I tillegg vil vi ha rekruttering av frivillige som tema. 

Vi vil få ei brei innleiing om berekraft for å gi kunnskap på et felt som kan opplevast å vere vanskeleg å ta tak i for mange. Men mykje bra blir gjort og vi vil saman i workshoppar jobbe fram korleis vi enkelt kan omsette kunnskapen vi har til kompetanse, og utvikle verktøy som enkelt kan nyttast av frivilligheita.

Møre og Romsdal har ein sterk og levande frivillig sektor. I Møre og Romsdal er det om lag 3 200 frivillige lag og organisasjonar. Basert på nasjonale tal, har 142 000 personar utført frivillig arbeid i fylket i 2019. Nasjonale tall på frivillig sektor finnes, og vi ønsker å få mei kunnskap om frivilligheita i fylket vårt. Er kommunane interessert i dette? Kva treng vi for å få gjennomført ei kartlegging i fylket og kva ønsker vi å vite?

Målgruppe

  • Frå kommunane: Rådgivarar for frivilligheit, kulturleiar, frivilligsentralar, politikarar
  • Frå frivilligheita: Regionledd, paraplyorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar i fylket
  • Driftstilskotsmottakararar frå fylkeskommunen som ikkje har eit regionalt ledd

Pris

Samlinga er dekt av fylkeskommunen.

Meir detaljert program kjem etter kvart.

Påmeldinga er no stengt. 

Dokumenter

Kontakt