Folkehelse- og friluftslivssamling

28/03 2022 10:00 - 29/03 15:30
Scandic Hotel Seilet, Molde
Skriv ut

Den 28.-29. mars 2022 inviterer fylkeskommunen til Folkehelse- og friluftslivssamling på Scandic Hotel Seilet, Molde.

Eit av måla i Fylkesplan for berekraftfylket Møre og Romsdal er;
ha nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar god fysisk og psykisk helse, og er prega av tillit, tilhøyrsle, tryggleik og tilgjenge.

Hovudtema for den andre samlinga i 2022 – og den første fysiske samlinga på over 2 år er:

Kunnskapsbasert folkehelsearbeid
Folkehelseundersøkinga 2021
Friluftsliv – barn og unge si deltaking
Folkehelseprogrammet

28. mars - Friluftsliv

Barn og unge si deltaking i friluftsliv

Kva er det som gjer at barn og unge trivst med friluftslivsaktivitetar? Kva kan bidra til at fleire får eit betre friluftslivstilbod? Og korleis kan vi legge til rette for aktivitetar som har høg grad av naturkontakt?

Friluftsrådenes Landsforbund (FL) arbeider med eit prosjekt som skal kartlegge og utvikle suksessrike friluftslivsaktivitetar for barn og unge i ferie og fritid. Prosjektet har fått namnet «Friluftsliv for barn og unge i ferie og fritid» og er statleg finansiert. 

Prosjektet vart sett i gang i januar 2019 og varer til juni 2023. Det skal samle forskingsbasert ny kunnskap, samanstille eksisterande kunnskap og hente inn erfaringsbasert kunnskap frå dei som arbeider med, eller er frivillige i friluftslivet.

29. mars – «Frå utanforskap til innanforskap» - Folkehelseprogrammet 

I 2017 starta ei tiårig satsing på kommunalt folkehelsearbeid, Program for folkehelsearbeid i kommunane (Folkehelseprogrammet).  Satsinga skal bidra til ei langsiktig styrking av kommunane sitt arbeid med å fremme befolkninga si helse og livskvalitet. Barn og unge, psykisk helse og rusførebygging er sentrale tema. Møre og Romsdal fylkeskommune blei med i programmet frå 2019 med temaet frå utanforskap til innanforskap.  

På samlinga vil dei seks tiltaka som er med i Folkehelseprogrammet i Møre og Romsdal presentere tiltaka sine og status. Kva erfaringar og kunnskap kan vi ta med oss frå tiltaka midtvegs i programperioden?

For nærare informasjon, sjå vedlagte program.
Vi tek atterhald om mindre endringar i programmet

Overnatting:
Fylkeskommunen dekkjer ikkje overnatting, men det er reservert nokre rom på Scandic Seilet for dei som har ønske om å overnatte.

For å bestille rom – må du sjølv ta direkte kontakt med hotellet:

Oppgi Bookingkode: BMOR280322.

Denne koden er aktiv fram til 14.03.2022

Link til bestillingsskjema:
https://www.scandichotels.no/hotelreservation/select-rate?hotel=317&fromDate=2022-03-28&toDate=2022-03-29&room%5b0%5d.adults=1&bookingCode=BMOR280322
 

FRIST FOR PÅMELDING: 25. februar

Dokumenter

Kontakt