Fagdag om sjølvmordsførebygging i Ålesund

30/11 2022 10:00 - 15:00
Ålesund
Skriv ut

Som ein del av prosjektet «Folkeopplysningskampanje om førebygging av sjølvmord i Region Midt» vil Fylkeskommunen i Møre og Romsdal i samarbeid med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-midt) arrangere fire like fagdagar kor vi set sjølvmordsførebygging på agendaen.

Om lag 600 menneske tek livet sitt i årleg og i 2021 var det 658 sjølvmord i Noreg. Mange fleire er ramma av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Det påverkar familiar, venner, kollegaer og samfunnet. Sjølvmord er ei samfunnsutfordring som kan førebyggast, og sjølvmordsførebyggande tiltak nyttar. Det er viktig å førebygge både på individ- og samfunnsnivå. Sjølvmordsførebygging er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Klarar vi å skape gode samfunn med gode levekår for alle, og moglegheiter for å skape gode relasjonar, førebygger vi også sjølvmord.

Det vil bli arrangert fire like fagdagar på fire ulike plassar i fylket: 

- Molde: 09. november kl 10.00-15.00, stad: Scandic Seilet Hotell
- Kristiansund 10. november kl 10.00-15.00, stad: Thon Hotell Kristiansund
- Ulsteinvik: 21. november kl. 10.00-15.00, stad: Thon Hotell Ulstein
- Ålesund: 30. november kl. 10.00-15.00, stad: Scandic Parken Hotell

Målgruppe: 

Kommunalt tilsette som jobbar med folkehelse, skule, helse, sosial og omsorgssektoren, frivillige lag og organisasjonar, idrettslag, kulturorganisasjonar og brukarorganisasjonar og andre offentlege tilsette og/eller interesserte.

Du finn agenda, detaljer og påmeldingsskjema på nettsida til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (lenke opnast i ny fane)

Kontakt