Erfaring: Næringsutvikling på Smøla gir resultat

Smøla kommune og hoppid.no har i fleire år sett næringsutvikling høgt på dagsorden. Resultatet er hundre nye arbeidsplassar og ungdom som flyttar heim. 

Skriv ut

I dag er det optimisme, sjølvtillit og ein sterk entreprenørskapskultur som pregar Smøla-samfunnet. Smøla kommune har tatt fleire grep for å få dette til. Dei har mellom anna spelt på lag med den regionale partnarskapen, med kulturlivet, frivilligheita og næringslivet. Og i 2019 fekk Smøla kommune prisen Verdiskaparen for dette arbeidet.

Distriktssenteret og hoppid.no har samarbeidd om ein artikkelserie om utviklingsarbeidet på Smøla. Her finn du også gründerhistorier og konkrete innspel, tips og ønske frå etablerarar. Du kan lese heile artikkelserien på Distriktssenteret si nettside.  

Kontakt