Korleis og kva gir vi rettleiing på i kommunale planar?

Etter plan- og bygningslova har vi ansvar for å rettleie og støtte kommunane i deira planlegging.

Vi rettleiar kommunane ved å 

  • gi skriftleg tilbakemelding  (fråsegn) på konkrete planar som kommunane har sendt på høyring
  • svare på spørsmål på telefon og e-post
  • delta i møter og synfaringar når det er behov

Kva ser vi etter når vi gir rettleiing til kommunale planar?

Vi skal sikre at regionale interesser blir tatt vare på i kommunal planlegging. Når vi vurderer og gir tilbakemelding på planar, ser vi om desse er i tråd med Fylkesplan 2017, Regional planstrategi og dei ulike regionale delplanane, ulike særlover og føringar frå Storting og Regjering.

Vi har eit spesielt ansvar for å rettleie kommunane slik at dei tar vare på friluftsområde og allemannsretten når dei lagar planar.

Når kommunale planar og byggesaker er til høyring hos oss og vi vurderer desse, vil vi sjå etter at grøntområde og friluftsliv har fått nok og rett areal i tråd med plan- og bygningsloven. Vi gir råd til kommunane om korleis dei kan gjere dette.

Dersom vi meiner at kommunane ikkje har tatt nok omsyn til friluftslivområde, vil vi kome med innvendingar (motsegn)

Det er vår oppgåve å sjå til at plan- og utbyggingstiltak ikkje skal påverke kjente eller moglege automatisk freda kulturminne. Etter fagleg kartlegging og vurdering, kan vi gi innspel og uttale til planane.

Vi uttalar oss mellom anna til følgande planar: reguleringsplanar (område- og detaljregulering), kommuneplanar, kommunedelplanar, konsekvensutgreiingar, konsesjonssøknader og søknader om dispensasjon. Fylkeskommunen kan i slike saker krevje at det blir gjennomført  arkeologiske registreringar forut før ei eventuell godkjenning.

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit spesielt ansvar for å rettleie kommunane slik at dei varetek barn og unge sine interesser i planlegginga. 

Barn og unge sine rettar i samfunnsplanlegginga er særskilt sikra i plan- og bygningslova og gjennom Rikspolitiske retningsliner. Kommunane har det primære ansvaret for å innarbeide desse omsyna i sine planar.  Når planar er til offentleg ettersyn vil vi sjå om dette er gjort.

Særleg fokus vil vi ha på tilhøvet for dei yngste barna og korleis bustadområda er tilrettelagt for leik og uteaktivitetar.

Universell utforming er ein langsiktig nasjonal strategi for å bidra til å gjere samfunnet tilgjengelig for alle og forhindre diskriminering. Prinsippet skal ligge til grunn for planlegging og krava til kvart enkelt byggetiltak.

Universell utforming dreier seg om å utforme og legge til rette fysiske forhold slik at alle så godt som råd får like moglegheiter til å delta i samfunnet.

Som ein del av rettleiingsansvaret har fylkeskommunen mynde til å bruke sanksjonar ovanfor kommunane. Lovverket gir heimel til å fremje motsegn til planforslag og til å klage på vedtak som er i strid med regionale interesser, innanfor fylkeskommunens ansvarsområde.

Vanlegvis vert slike saker løyst på administrativt nivå, gjennom dialog med kommunen. Når det ikkje blir semje, blir sakene fremma for fylkesutvalet for avgjerd, og eventuelt sendt vidare til fylkesmannen for mekling eller klagebehandling.