Delta i kommunalt plannettverk?

Kommunane i fylket deltar i regionale plannettverk. Dette er uformelle nettverk for planleggarar og andre som er involvert i planarbeid i regionen.

Nettverka er ein fagleg arena for

  • å dele erfaringar med planarbeid og innspel til plansaker.
  • å formidle gode eksempel og kjende utfordringar.
  • opplæring og rettleiing

Kvart nettverk har årlege samlingar, der kommunane vekslar på vertskapet. Fylkeskommunen koordinerer plannettverka og leier nettverkssamlingane.

Fylkeskommunen stiller med fagkompetanse og føredragshaldarar. Kommunar, fylkeskommunen og andre regionale etatar som har interesser i kommuneplanlegging kan spele inn kva tema dei ønsker for samlingane.

Kva nettverk høyrer din kommune til?

Aure, Averøy, Halsa, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll

Aukra, Eide, Fræna, Gjemnes, Midsund, Molde, Nesset, Rauma og Vestnes

Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta, Ørskog og Ålesund