Fagskole

Fagskolen gir ei høgare yrkesfagleg utdanning på to år. Utdanninga gir kompetanse som du kan ta i bruk direkte i arbeidslivet. For å komme inn på fagskolen må du ha fagbrev frå vidaragåande skole eller realkompetanse. 

Kva tilbod finst i Møre og Romsdal?

Fagskolen i Møre og Romsdal gir opplæring to stader i fylket:
Fagskolen i Kristiansund
Fagskolen i Ålesund  

Desse faga kan du velje mellom: 

  • maritime fag, nautikk og skipsteknisk drift
  • kjemi, prosessteknikk
  • petroleumsteknologi, boring og havbotninstallasjonar
  • helse og sosialfag, psykisk helse
  • bygg og anlegg
  • elektro, automatisering og elkraft
  • teknikk og industriell produksjon, maskinteknikk

Slik søker du Fagskolen

Du skal søke på vigo innan fristen 15.april. Det er felles opptak for heile landet. 

Søknadsfrist

Søknadsfristen til fagskolen er 15.april. 

Har du spørsmål?

Spørsmål om opptak, ta kontakt med Nasjonalt opptakskontor for Fagskolen.

Andre spørsmål kan du stille direkte til ein av fagskolane i fylket.