Transporttenesta (TT) er eit tilbod om drosjetransport frå dør til dør til personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise kollektivt.
TT- ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men er eit tilbod som Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr innbyggarane i fylket.
TT- ordninga er meint å dekke fritidsreiser for brukaren, og ikkje reiser betalt av andre. Dette gjeld for eksempel reiser ved behandling hos lege/sjukehus, der NAV/Helseforetaka betalar reisa.
Ordninga blir administrert av fylkeskommunen, men det er kommunane står for godkjenning av nye brukarar i samsvar med retningslinjene. Dersom du ønsker å bli vurdert som brukar, må du altså ta kontakt med heimkommunen din.
I dei fleste drosjene vil saldo på kortet komme fram direkte ved å trekke det gjennom taksameteret. Du kan også kontrollere saldoen ved å:
Kanal: | Nummer/adresse | Korleis går eg fram? |
---|---|---|
Ringe sentralbordet: | 35 58 60 40 | Du kan ringe 24 timar i døgnet, måndag - søndag |
Sende SMS: | 90 36 70 00 | Send: ttkort «brukarnummer» |
Internett: | www.ttkort.no | Logg inn med brukarnamn og passord. Passordet får du tilsendt i brevet saman med TT-kortet. |
Dersom kortet blir skada eller du mistar kortet, skal du melde inn dette snarast mogleg ved å ringe 35 58 60 40, eller du kan ta kontakt med saksbehandlar i kommunen din. Det gamle kortet vil då bli sperra, og du vil få tilsendt eit nytt kort. Kostnaden for nytt kort vil bli belasta brukarkontoen din .
Dersom kortet ikkje virkar må du betale turen sjøl. Ta vare på kvitteringa og send krav til:
TTT Administrasjon AS
postboks 2673
3702 Skien
Dersom du er godkjent TT- brukar og flyttar innan Møre og Romsdal, treng du ikkje sende ny søknad. Du må likevel melde frå til saksbehandlar, slik at du blir registrert i rett kommune og i rett brukarsone. Er du godkjent TT- brukar i eit anna fylke, må søke på nytt ved flytting til Møre og Romsdal.