Tilskot til kompetansebedrifter for kompetansehevande tiltak overfor kunstnarar, kulturelle og kreative aktørar

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei tilskotsordning til kulturnæringshagar og andre kompetansemiljø til å lage kompetansehevande tiltak/kursrekke og hjelp til produktutvikling til kulturelle og kreative aktørar i Møre og Romsdal. Ordninga har ei økonomisk ramme på 0,9 mill. kroner. 

Alle tildelingar vil blir offentleggjort på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside. 

Skriv ut

Du kan søke om tilskot no. Ordninga og retningslinjene vart vedtak i kultur-, næring og folkehelseutvalet 5. mai, sak KNF-57/20.

Formål 

  • Ordninga er meint å gi sysselsetting til/stimulere kompetansebedrifter ved at dei lagar kompetansehevande tiltak/kursrekke for kunstnarar og aktørar innan kulturelle- og kreative næringar
  • Kursa må vere mogleg å gjennomføre på kort tid slik at kunstnarane/aktørane får nyttiggjort kompetansen i 2020. Hensikta er å gi rask hjelp til kunstnarar og andre aktørar i arbeidet med å skaffe eksterne midlar til verksemda si
  • Det er ein føresetnad at kurs og arrangement skal vere gratis for deltakarane og at tiltaka som skal gjennomførast i 2020

Kven kan søke? 

  • Kulturnæringshagar, kompetansebedrifter og kompetanseinstitusjonar i Møre og Romsdal

Kva kan ein søke støtte til? 

Utarbeiding av kompetansehevande tiltak/kursrekke som minimum omfattar: 

  • Kartlegging og formidling av kva som finns av nasjonale og internasjonale tilskotsordningar på kulturfeltet
  • Søknadsskriving til dei ulike ordningane; likskap/ulikskap, kriteria som blir vektlagt, med meir
  • Kompetansehevande kurs knytt til rolla som sjølvstendig næringsdrivande

Det vert ikkje gitt støtte til  

  • Innkjøp av utstyr
  • Ordinær drift
  • Dekkje underskot

Krav til søknad 

  • Søknad skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no
  • Beskriving av kompetansetiltaket og korleis det skal gjennomførast
  • Søknad skal vere levert innan utgangen av 1. juni 2020
  • Stadfesting på at søkjar er registrert i Enhetsregisteret før 12. mars 2020
  • Oversikt over tildelte offentleg tilskot i 2019 og 2020 

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta tilskot etter ordninga er oppfylt
  • Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysingar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll

Tilbakebetaling

  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden om tilskot, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis blir kravd tilbake
  • Dersom det blir utbetalt for mykje tilskot grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir krevd tilbakebetalt

 Saksbehandling 

  • Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot innan utgangen av juni 2020 
  • 75 prosent av innvilga beløp vert utbetalt straks tildeling er gjort
  • Endeleg rapport skal sendast innan 01.12.20
  • Vedtaket kan ikkje påklagast

Søknadsfrist: 1. juni 2020

Kontakt