Kompensasjonsordning for tapte leigeinntekter for frivillige lag og organisasjonar som eig og driv bygg og anlegg

Møre og Romsdal fylkeskommune har oppretta ei kompensasjonsordning for tapte leigeinntekter for frivillige organisasjonar innan kultur og idrett som eig og driv bygg eller anlegg. Ordninga har ei ramme på 2,5 mill. kroner.  Alle tildelingane vil verte offentleggjort på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside. 

Skriv ut

Retningslinjene er endra etter nye nasjonale føringar 30.04.20. Ordninga og retninglinjene vart vedtatt i kultur-, næring og folkehelseutvalet 5. mai 2020, sak KNF-57/20

Formål 

  • Ordninga er meint å kompensere for bortfall av leigeinntekter for frivillige organisasjonar innan kultur og idrett som eig og driv bygg eller anlegg i Møre og Romsdal som følgje av pålegg eller råd gitt av myndigheitene i samband med COVID-19-utbrotet.  
  • Ordninga gjeld for perioden 12. mars til 15. juni 2020.

Kven kan søke?  

  • Frivillige organisasjonar innan idrett og kultur i Møre og Romsdal som eig og driv lokale bygg eller anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal  
  • Frivillige organisasjonar innan idrett og kultur som var registrert i Frivilligregisteret før 12. mars 2020  

 Kva kan ein søke støtte til?  

  • Dokumenterte tapte leigeinntekter

Det blir ikkje gitt støtte til:  

  • Tapte leigeinntekter som er dekt av eller kan bli dekt av søkaren si forsikringsordning, avtalar mv. eller offentleg kompensasjon utanfor denne ordninga
  • Kostnadar som er del av ordinær drift 
  • Tapte leigeinntekter grunna avlyste/reduserte 17 mai-arrangement  
  • Tapte leigeinntekter for avtalar som er inngått i perioden 30.04.-15.06.20

 Kor mykje kan du forvente å få?  

  • Netto tapte leigeinntekter inntil 50 000 kroner per søkar i perioden 12.03-15.06.20
  • Tapte leigeinntekter minus reduserte kostnader skal leggast til grunn for søknaden  
  • Kompensasjonen kan ikkje overstige søkar sine budsjetterte leigeinntekter i perioden. Om budsjettet for 2020 ikkje er periodisert, skal 1/4 av budsjetterte leigeinntekter bli lagt til grunn for søknaden   
  • Dette er ei rammestyrt ordning. Dersom den totale søknadssummen er over ramma, vil alle godkjente søknadar verte avkorta skjønnsmessig   

 Krav til søknaden

  • Søknad om kompensasjon skal leverast elektronisk via regionalforvalting.no
  • Søknad skal vere levert innan utgangen av 1 juni 2020
  • Stadfesting på at søkjar er registrert i Frivilligregisteret før 12 mars 2020
  • Oversikt over tildelte offentleg tilskot i 2019 og 2020
  • Budsjett for 2020 og/eller rekneskap for 2019, som synleggjer leigeinntekter 
  • Dokumentere tap av leigeinntekter for eksempel ved å legge fram avtalar, intensjonsavtalar og annan relevant informasjon som viser kostnadar, inntekter og eventuelt overskot 
  • Bekrefte at søkar ikkje har fått anna kompensasjon utanfor denne ordninga som dekker for tapte leigeinntekter i perioden 12.03-15.06.20
  • Opplyse om mottatt/søkt om anna offentleg eller privat kompensasjon for tapte leigeinntekter i perioden, og søkt/tildelt beløp.

Kontroll

  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll med at vilkåra for å motta kompensasjon etter ordninga er oppfylt
  • Søkar pliktar på førespurnad å legge fram alle opplysingar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll

Tilbakebetaling

  • Dersom ein søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden om kompensasjon, og dette fører til at det blir utbetalt ugrunna eller for mykje kompensasjon, kan den heilt eller delvis blir kravd tilbake
  • Dersom det blir utbetalt for mykje kompensasjon grunna feil frå fylkeskommunen, kan den ugrunna delen av kompensasjonen blir kravd tilbakebetalt

Kva søknader blir prioritert først?  

  • Lokale frivillige lag og organisasjonar som ikkje har offentleg støtte frå før blir prioriterte først  

Saksbehandling 

  • Kulturavdelinga gjer endeleg vedtak om tildeling av kompensasjon innan utgangen av juni 2020. 
  • 75 prosent av innvilga beløp vert utbetalt straks tildeling er gjort.
  • Endeleg rapport skal sendast innan 1.09.2020
  • Vedtaket kan ikkje påklagast

Søknadsfrist: 1. juni 2020

Kontakt