Stipend for unge fagarbeidarar i kokk- eller servitørfag

Dette er eit kompetanse- og fagutviklingsstipend for deg som er kokk eller servitør i alderen 19 - 25 år. 

Skriv ut

Formål:

Formålet med stipendet er å gi deg moglegheit til å fordjupe deg i fagfeltet ditt, heve den faglege kompetansen gjennom kurs eller etter- og vidareutdanning. Og ta dette med deg tilbake i arbeidet og bidra til å heve kvaliteten på Møre og Romsdal som opplevingsfylke.

Kva kan du bruke stipendet til?

  • Studiekostnad til etterutdanning
  • Deltakarkostnad for å vidareutvikle deg som fagutøvar
  • Kursavgift for å få nødvendig tilleggskompetanse
  • Deltakarutgifter til wokshop/kurs osv.
  • Reise- og oppholdskostnader ved studietur (legg ved program)
  • Anna fagleg fordjuping

Du kan søke om stipend på inntil 30 000 kroner.

Kven kan søke?

  • Kokkar og servitørar mellom 19 og 25 år 
  • Du må minimum ha fagbrev frå restaurant- og matfag
  • Du må bo og arbeide i Møre og Romsdal på søketidspunktet 

Søknadsfrist:

13. desember 2020

Korleis søker du:

  • Fyll ut alle felt i søknadsskjemaet under, les også hjelpeteksten
  • Du må legge ved anbefaling frå arbeidsgivaren din

Dette vil vi legge vekt på når vi vurderer søknaden din: 

  • Din eigen motivasjon
  • I kva grad du greier å synleggjere at tiltaket du søker om har verdi for deg som fagperson
  • Arbeidsgivaren din sitt behov, ønske og interesse for di eiga utvikling

Behandling av søknaden:

Søknaden blir behandla av ein komité som består av medlemmar frå delprosjektgruppe Kompetanse i prosjektet "Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal". 

Behandlingstida er ca tre veker etter at søknadsfristen er gått ut.

Dersom du får stipend, må du gjennomføre tiltaka i perioden januar 2021 - juni 2021​

 

Stipend for unge fagarbeiderer i kokk- eller servitørfag