Møremusikarordninga – Arrangørtilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar

Møremusikarordninga er ei profesjonell musikarordning som skal sikre gode musikktenester til kulturlivet og bidra til å legge til rette for og stimulere til kulturarrangement i Møre og Romsdal. Den økonomiske ramma for ordninga er 1 000 000 kroner for 2021.

Skriv ut

Frå 16.02.21 vil konsertstøtteordninga inngå i arrangørtilskotet for innleige av profesjonelle musikarar jf. sak i kultur-, næring- og folkehelseutvalet KNF-7/21.

Formålet med ordninga er å stimulere til høg kvalitet i kulturarrangement i fylket, støtte opp om dei profesjonelle musikarane sin kunstnarlege aktivitet og legge til rette for at fleire kan bu og leve av kunsten sin i fylket. Arrangør får gjennom denne ordninga tilskot til honorar og reisekostnader for profesjonelle musikarar som er busette i Møre og Romsdal og utanfor fylket. Vilkåra i tilskotsordninga skal spegle dette.

Liste over frilans Møremusikarar som er busette i fylket kjem om kort tid.

Messing
Stjin Bjerbe  Alt-horn
Gaute Aamlid  Horn
Eric Dullaert  Horn
Tor Haram   Horn
Magnhild TafjordHorn
Gunnar Bech  Trombone
Geir Opaas Trombone
Skjalg Fladset-SkroveTrombone
Lars-Andrè Gudmundset Tuba
Rune Eide Trompet, Dirigent
Arild Brekken Trompet
Jens Kristian Mordal Trompet, messing
Kåre Nymark Trompet
Emil E. Holmesland Trompet
Jon Gorrie Trompet
Tom Gontier Trompet
Solvår Eriksen Trompet
Orgel, piano og trekkspel
Erik Fostervoll   Orgel
Asgeir HoffartPiano
Hedda Hansen Berg  Piano
Radmila Stojkovic  Piano, klassisk
Arne Torvik  Piano, rytmisk, jazz og klassisk
Dag-Filip Roaldsnes  Piano, rytmisk, jazz og klassisk
Martin Bredin  Piano, dirigent, arrangør og instruktør
Margaret Rensvik  Piano, cembalist og kordirigent
Rune Tylden Piano, orgel, tangent, instruksjon, direksjon og arrangering
Knut Ivar BøeTrekkspel
Strenger
Øystein SandbuktGitar
Arnt Inge Torheim  Gitar
Trond SalthammerGitar, folkemusikk og rock
Ketil StrandGitar
Strykarar
Kjetil GjelstenliBass, rytmisk
Sindre KlykkenBass, rytmisk 
Anna OstachowskaBratsj
Linda Bønes Bratsj
Per Kåre FossumCello
Samuel Skrede Cello
Zhala AliyevaCello
Bente Dyrhaug Fagott
Wojciech Ulatowski Fagott
Jorunn Marie Kvernberg Fele, hardingfele
Torgeir Leivdal  Fele, hardingfele
Britt Elise Skram   Fele, hardingfele
Judit Toth SyltheFiolin
Ai-Ling Chiu  Fiolin
Sharleen Clapperton Fiolin
Synnøve Hammervold  Fiolin
Geir Heggdal  Fiolin
Karoy Kincses  Fiolin
Ove Kvangarsnes Fiolin
Martin Schiessler Fiolin
Steinar Rinde  Fiolin
Trond Harald Saltnes 

Fiolin

Øyvind Robak  Fiolin og bandoneon
Odd Sonntag Fiolin
Øystein Salhus  Fiolin
Tor Andreas Dyrseth  Kontrabass (klassisk)
Jostein Bolås Brødreskift Kontrabass
Slagverk
Jo Inge Nes Slagverk
Miki Campins Slagverk
Børre DalhaugSlagverk
Hans Petter Gyldenskog Slagverk
Arnt Olav Kaldvansvik  Slagverk
Simon Kongshaug Slagverk
Joachim Orvik Slagverk
Robert Sztorc Slagverk
Kiril Kirilov Slagverk
Treblåsarar
Carina Sørum Øgaard Fløyte
Oskar Slettfjerding   Fløyte
Yuri Hashimoto   Fløyte
Jasmina CivicFløyte
Øyvind Granden Berg Fløyte
Stefan BockenKlarinett
Agnete S. TeigeKlarinett
Ebba Ringmar  Obo
Kjetil IngvaldsenSaksofon
Olav Tornes Saksofon
Peter WergeniSaksofon
Songarar
Sigrid Vetleseter Bøe Song, sopran
Lone Eines Song, sopran
Gail Opaas  Song, sopran
Marianne Ravn Stavseng  Song, sopran
Ole Andreas Silseth Song, tenor
Mathias Tvedten Song, baryton

Kven kan søke?

Konsertarrangørar, kulturinstitusjonar, det frivillige musikklivet og det lokale næringslivet.

Etter at søknaden er behandla, vil arrangøren få skriftleg melding. Tildelingsbrevet gir opplysningar om tildelt sum, og vilkår som må vere oppfylte før utbetaling skjer.

Kva kan du søke tilskot til?

Profesjonelle musikarar til instruksjonsoppdrag, alle typar konsertar, akkompagnement, arrangering og komponering, assistansespel i amatørensemble, medverknad i profesjonelle ensemble, kulturelle innslag ved til dømes kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd med meir.

Prioritering og tildeling:

  • Arrangement med profesjonelle musikarar busett i fylket
  • Arrangement der det frivillige samarbeider med profesjonelle musikarar på scena.
  • Tilskota blir også fordelt med omsyn til type arrangement, geografi, tal på søknadar, skjønn og ramma for ordninga.

Det vert normalt ikkje gitt tilskot til:

Kommunar (inklusiv kulturskolar), fylkeskommunen, undervisningsinstitusjonar og private arrangement.

Søknadsfrist:

15. februar, 15. mai, 15. september og 15. november

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga er open heile året og behandlast etter fire søknadsfristar. Du kan søke støtte til ditt arrangement via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Søknaden må innehalde:

  • Namn på arrangør, kontaktperson, arrangement og organisasjonsnummer 
  • Stad og dato for arrangementet (inkl. lokale og kommune) 
  • Arrangementstype til dømes ulike konsertar, assistansespel, Instruksjon, seminar 
  • Namn på profesjonelle musikarar ein ønskjer eller har avtalt å leige inn samt eventuelle frivillige som skal stå på scenen saman med profesjonelle musikarar 
  • Søknadssum basert på musikaren sin tidsbruk og reisekostnader
  • Kort beskriving av arrangementet, innhald, plan for gjennomføring, målgruppe, forventa deltakarar, samarbeidspartar og program 

Vilkår for tilskot:

  • Innleigde profesjonelle musikarar skal behandlast likt og lønnast etter bransjestandard. Arrangørane må sjå til Creo sine satsar, eller nasjonale satsar for Den kulturelle skolesekken (DKS).
  • Godtgjering for reise, diett og naudsynt overnatting skal skje etter Statens regulativ (lenke opnast i ny fane).
  • Det skal gå klart fram av kunngjering (annonse/plakatar/program o.l.) at arrangementet blir støtta av Møremusikarordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Logo finn de her (lenke opnast i ny fane).

Rapportering:

  • Arrangør må sende inn rapport med rekneskap seinast 2 månader etter arrangementsdato, eller den frist som går fram av tildelingsbrevet.
  • Rapporten skal innehalde rekneskapsrapport for prosjektet/aktiviteten, der ein synleggjer musikarhonorar og støtta frå Møre og Romsdal fylkeskommune i eigne postar.
  • Rapporten skal også innehalde namn på musikar(ar) som vart brukt, kort beskriving av arrangementet og tal på deltakarar/publikum. 

Kontakt