Opplev heile Møre og Romsdal - heile året (hovudprosjekt)

Skriv ut

Søknadsfrist: 20.04.2023

Norge og også Møre og Romsdal blir stadig meir populært som reisemål. Turistane blir meir reisevant og stiller dermed høgare krav til kvalitet til opplevingane som blir tilbydd og også til sjølve reisemålet. Dei ønskjer å ta alle sansane i bruk og etterspør eit bredt spekter av opplevingar som mellom anna natur, lokal kultur og tradisjonar, kunst, historiske spel og festivalar, levemåtar, det moderne Norge og den gode matopplevinga. Dei ønskjer å ta aktivt del i opplevinga, gjerne lære noko og ikkje berre observere.

Kultur og mat som ein naturleg del av vår kultur, er ein viktig ressurs for våre reiselivsprodukt og bidrar dermed til å auke vår attraktivitet som reisemål. Opplevingane er ofte det som er avgjerande for val av reisemål og det reisemålet som kan tilby akkurat det denne turisten ønsker å oppleve i ferien sin, har vunne denne turisten. Auka attraktivitet vil bidra til fleire besøkande, auka verdiskaping og dermed fleire lønsame aktørar både innafor tradisjonelt reiseliv, men også innafor kulturelle og kreative næringar.

Møre og Romsdal har som ambisjon å bli opplevingsfylke nr 1 i Norge. Møre og Romsdal fylkeskommune etablerte derfor «Opplev heile Møre og Romsdal – heile året», eit treårig utviklingsprosjekt med det hårete målet å nettopp gjere Møre og Romsdal meir attraktivt som reisemål. For å styrke denne ambisjonen treng vi fleire opplevingar og opplevingar i skjeringspunktet reiseliv og kultur. Det er mangfaldet av opplevingar som gjer oss attraktiv.
Eit av tiltaka i satsinga «Opplev heile Møre og Romsdal – heile året», er å invitere til etablering av nettverksprosjekt. Formålet med desse nettverka er utvikling av nye opplevingar som vil vere spennande både for turistar og lokalbefolkninga. 

Møre og Romsdal fylkeskommune har sett av 4 millionar til 4 nettverk som kan få inntil 1 million i tilskot kvar over ein utviklingsperiode på 2 år. Maksimal tilskotssats er 50 prosent og det krevst eigenfinansiering i prosjektet.

Nettverka som får tilskot gjennom denne ordninga, får tilbod om og må delta på felles faglege samlingar gjennom prosjektperioden. Desse samlingane vil vere ein kombinasjon av fagleg påfyll, erfaringsutveksling frå nettverka og diskusjonar. I tillegg vil nettverka få tilbod om inntil 50 timar med gratis rådgiving frå bedriftsrådgivar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har engasjert 2469 Reiselivsutvikling til å arrangere dei faglege samlingane. Det vil også vere dei som tilbyr rådgiving til nettverka. Selskapet har fleire bedriftsrådgivarar slik at det enkelte nettverket kan få tilpassa kompetanse til deira behov for rådgiving. 

  • Nettverka må bestå av aktørar frå både kultur og reiseliv. Det må vere med minimum 3 aktørar/bedrifter i nettverket. Erfaringsmessig bør talet på aktørar/bedrifter i nettverket ligge mellom 3 – 8 bedrifter. 
  • Det skal utviklast opplevingar som vil bidra til å forsterke ambisjonen om å bli opplevingsfylke nr 1 i Norge.
  • Det skal utviklast opplevingar som skal kunne tilbydast  heile året. Prosjektet må bidra til å forlenge turistsesongen, helst mot heilårsturisme samt til spreiing av trafikken geografisk i fylket.
  • Opplevingane som utviklast skal kunne tilbydast til ferie- og fritidsmarknaden og må vere bookbare. Dette inneber at opplevingane må kunne kjøpast av individuelt reisande og ikkje berre grupper.
  • Det må ligge føre forpliktande og signerte partnarskapsavtalar mellom samtlege aktørar i nettverket som viser kva dei enkelte skal bidra med i form av eigeninnsats og kontantar.
  • Utviklinga av opplevingane skal vere marknadsorientert. Det vil seie, ein må vise til at opplevingane ein ønskjer å utvikle er etterspurd i marknaden – altså at nokon ønsker å kjøpe desse.
  • Det må synleggjerast at opplevingane som skal utviklast i prosjektperioden, skal over i ordinær produksjon etter endt prosjektperiode.
  • Aktørane må ha forretningsadresse Møre og Romsdal og opplevingane som utviklast skal kunne opplevast i Møre og Romsdal.
  • Alle tiltak som gjennomførast og opplevingar som skal utviklast, må vere tufta på prinsippa for ei berekraftig opplevingsutvikling (verdiskaping, klima/miljø og lokalsamfunn).

 

  • Ein gjennomarbeidd prosjektplan som viser forretningside, beskrive kva som skal gjerast, formål, framdriftsplan og ei skildring av kva type opplevingar som skal utviklast i nettverket.
  • Presentasjon av aktørane/bedriftene som inngår i nettverket, her under oversikt over faglege ressursar og kompetanse. Aktørane må ha lønsam drift eller leggje fram ein god plan for inntening dersom nokon av aktørane er nyetablerte.
  • Kostnadsoverslag / budsjett. Kva skal gjerast i prosjektet ? Kva tiltak er det knytt kostnader til. Eksterne kostnader som mellom anna produktutvikling, design, innovasjon, testing, visningsarrangement, møtekostnader, reisekostnader, innleige av ekstern kompetanse og utarbeiding av analyser. Interne kostnader som mellom anna eigne timar.
  • Finansieringsplan som viser eventuell anna ekstern finansiering samt eigenfinansiering frå nettverket fordelt med kontantar og eige arbeid frå aktørane. Maks timesats kr 700 ved verdsetting av eige arbeid. Her må også søknadsbeløp til Møre og Romsdal fylkeskommune visast. Husk maksimum 50 prosent finansiering frå denne ordninga.
  • Det må vere ein hovudsøkjar på vegne av nettverket.
  • Det må definerast resultatmål for prosjektet  – kva ønsker ein å oppnå/løyse. Desse må det rapporterast på ved sluttutbetaling.
  • Forpliktande og signerte partnarskapsavtalar frå samtlege aktørar i nettverket må leggast ved søknaden.

Aktørane i nettverket forpliktar seg til å delta i dei fem faglege nettverkssamlingane som blir arrangert i prosjektperioden. 

  • Etablering og vidareutvikling av nettside/portalar.
  • Marknadsføring, mellom anna utarbeiding av marknadsmateriell, brosjyrar, infoskilt, digitale verktøy m.m.
  • Fysiske investeringar i eigedom eller utstyr.

Alle som føler seg heime i omgrepet opplevingsnæringane, dvs aktørar frå: 

  • Kultur og kreative næringar som mellom anna teater, konsertar, museum, historiske spel, kulturmiljø, utøvande kunstnarar (musikk, dans, vokal), festivalar og historiske ferdselsårar.
  • Aktive naturopplevingar som mellom anna kajakk, klatring, rafting, ski, sykkel og vandring.
  • Tradisjonelt reiseliv som hotell, restaurant og campingplassar.
  • Prosjektrapport som viser kva som er gjort, kven har vore involvert og kva har ein oppnådd (resultatmål). Kva opplevingar er utvikla og kva for kanalar er nytta til sal av desse
  • Prosjektrekneskap som viser kva kostnader som har påløpt. Timelister over kven som har vore involvert, tal timar og timepris må følgje med (maksimum timepris på eige arbeid er 700 kroner). Prosjektrekneskapen må vere attestert av revisor. Dersom de ikkje er revisorpliktig, kan rekneskapen godkjennast av autorisert rekneskapsførar.

Tilskot vil bli gitt som bagatellmessig støtte. Til orientering må nemnast at bedrifter kan motta bagatellmessig støtte på inntil 200 000 € over ein periode på 3 år.

Tildelinga av midlar til prosjekta vil bli gjort i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet 6. juni. Oppstart med første fagsamling for nettverka blir i september 2023.
 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.