Tilskot til prosjekt langs Den Trondhjemske postveg

Målet med ordninga er å respektere, vidareutvikle og få fram lokalsamfunnet si unike historiske kulturarv, autentiske kultur, tradisjonar og særpreg gjennom programmet «Ein bit av historia». Tilskota skal sørge for økonomisk, kulturell, sosial og miljømessig verdiskaping basert på kulturarv.

Skriv ut

Tilskot for 2021 vil prioritere prosjekt som mobiliserer til arbeid med kulturminne knytt til postvegen, samt enkel skjøtsel og skilting. Ytre ramme for tilskotet er 500 000 kroner.

Kven kan søke?

  • Kommunane Volda, Stranda, Ålesund, Vestnes, Molde, Gjemnes, Tingvoll og Surnadal, i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar
  • Regionmuseum og lokale museum som samarbeider med frivillige, eller på vegne av postvegkommunar
  • Frivillige lag og organisasjonar 

Kva kan du søke tilskot til?

  • Enkel skilting og skjøtsel av postvegen
  • Prosjektsamarbeid mellom kommunar, museum, eller frivillige til arbeid med kulturminne knytt til postvegen
  • Mobilisering til arbeid med kulturminne langs postvegen

Enkel skjøtsel i denne samanheng, vil innebere enkel rydding av vegetasjon kring postvegen, som ikkje har direkte innverknad eller skade på kulturminne. Det er også ein fordel om skjøtsel følg opp tilstandsregistrering av postvegen.

Tilskot til større vegprosjekt vert ikkje prioritert i denne ordninga.

Søknadsfrist:

15. januar

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. november, i god tid før søknadsfristen 15. januar. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på sakshandsaminga.

Søknaden må innehalde:

  • Prosjektbeskriving
  • Organisering av prosjektet (samarbeidspartnarar)
  • Kostnadsplan
  • Finansieringsplan
  • Effektmål

Vilkår for tilskot:

  • Tilskotet gjeld prosjektet slik det er skildra i søknaden. Dersom de endrar på prosjektet utan vår godkjenning, kan vi trekke tilskotet tilbake.
  • Tilskotet kan ikkje utgjere meir enn femti prosent av det prosjektet kostar. Det betyr at tilskotet kan bli redusert dersom prosjektet viser seg å koste mindre enn de hadde budsjettert med.
  • Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at verksemda har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les elles gjeldande vilkår for kulturtilskot (lenke opnast i ny fane).

Krav til rapportering:

  • Rapporten og utbetalingsoppmodning sendast inn via regionalforvaltning.no (lenke opnast i ny fane) innan fristen. Logg inn og finn søknaden som er innvilga, og be om utbetaling.

Kontakt