Tilskot til historiske ferdselsårer – tilrettelegging, skjøtsel og formidling

Møre og Romsdal fylkeskommune utlyser midler til tilrettelegging, skjøtsel og formidling av lokale ferdselsårer. Hensikta er å gjennomføre tiltak for å skjøtte, tilrettelegge og formidle lokale ferdselsårer. Ordninga skal medverke til å gjere ferdselsårene meir kjent samtidig som at ein ivaretek dei historiske verdiane på best mogleg måte. 

Skriv ut

Møre og romsdal fylkeskommune vil særleg prioritere satsing på tiltak knytt til Den Trondhjemske Postvei, pilegrimsleier og kystlei. Fylkeskommunen ønsker også prosjekt som legg til rette for engasjement og synleggjering av dei lokale, historiske ferdselsårene, både som friluftstilbud og som kulturmiljø.

Ramma for ordninga er 600 000 kroner.

Søknadsfrist

1. november

Medverke til formidling, skjøtsel og tilrettelegging for kulturminne og friluftsliv

  • Kommunar
  • Museum
  • Frivillige lag, foreiningar og ideelle organisasjonar

Ein kan søkje om tilskot på inntil 100 000 kroner

Midlane skal gå til arbeid og formidling på historiske stiar, vegar, ruter, rundar og andre ferdselsårer, eller deler av desse. Hensikta er å gjennomføre ulike tiltak for å synleggjere, skjøtte, tilrettelegge og formidle lokale, historiske ferdselsårer. 

Midlane kan både gå til etablering og opning av nye historiske ferdselsårer eller revitalisering av eksisterande.

Ferdselsårene må ha blitt nytta til ferdsel og transport i tidlegare tider, eller vere knytt til eit historisk tema, og tiltaket må legge til rette for auka engasjement og synleggjering av dei lokale historiske ferdselsårene.

Tilskot til større vegprosjekt vert ikkje prioritert i denne ordninga.

Støtteordninga opnar for nye søknadar 3.oktober 2022. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følgje med på saksbehandlinga.

  • Skildring av tiltaket med foto av staden kor tiltaket skal gjennomførast
  • Kartfesting av tiltaket
  • Dokumentasjon på at tiltaket er avklara med kommune og grunneigar
  • Budsjett som viser utgifter og inntekter (kostnads- og finansieringsplan)
  • Framdriftsplan (tidsplan for tiltaket)
  • Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første virkedag etter søknadsfrist.
  • Tilskotet gjeld prosjektet slik det er skildra i søknaden. Dersom de endrar på prosjektet utan vår godkjenning, kan vi trekke tilskotet tilbake.
  • Tiltaket må vere gjennomført innan 1. november 2023.
  • Tiltak skal ikkje startast opp utan å vere avklart med Møre og Romsdal fylkeskommune, kulturarvseksjonen. Dette for å sikre at tiltaka vert gjennomført på ein kulturminnefagleg forsvarleg måte.
  • Tilskotet kan berre dekke kostnader knytt direkte til arrangementet, materialkostnader og betalt arbeid til tilrettelegging eller istandsetting, skilting og liknande. Kostnadar knytt til innkjøp av verktøy og driftsmateriell vert ikkje dekt. Større friluftslivstiltak som kan få tilskot frå spillemiddelordninga blir halde utanfor.
  • Ved skilting skal de ta omsyn til «Skiltmal for Møre og Romsdal fylkeskommune» og «Skiltmanual 2019». Denne finn du i merkehandboka (lenke opnast i ny fane). På informasjonstavler skal alltid logo for Møre og Romsdal fylkeskommune være med. 
  • Kulturminne, tursti, gapahukar e.l. som er ein del av tiltaket, skal registrerast i Morotur (lenke opnast i ny fane).
  • De skal så langt som råd legge til rette for universell utforming.
  • Fylkeskommunal finansieringsgrad per prosjekt skal normalt ikkje overstige 50 prosent. Dugnadsinnsats kan leggjast inn som ein del av finansieringa med ein timesats på 300 kroner.

Søker må avklare med kommunen om tiltaket krev handsaming etter plan- og bygningslova. 

Kontroll
  • Møre og Romsdal fylkeskommune kan gjennomføre kontroll om at vilkåra for tilskotet etter ordninga er oppfylt. Søkar plikter på førespurnad å legge fram alle opplysningar som er nødvendig for at fylkeskommunen kan gjennomføre ein slik kontroll. Dette er heimla i det statlege bevilgningsreglementet § 10
​​​​​​Fylkeskommunen kan krevje tilskot tilbakebetalt
  • Tildelinga gjeld det som står i søknaden og vilkåra i tildelingsbrevet. Dersom tiltak i søknaden blir endra utan godkjenning, kan vi trekke tildelinga tilbake
  • Dersom søkar gir ufullstendig eller feilaktige opplysingar i søknaden, og dette fører til at tilskotet blir utbetalt på feil grunnlag eller for mykje, kan tilskotet heilt eller delvis bli kravd tilbake.
  • Dersom fylkeskommunen utbetaler feil beløp, skal det som er utbetalt for mykje betalast tilbake
Rapport og rekneskap
  • Det skal sendast inn rapport og rekneskap for bruk av tilskotet seinast tre månader etter at tiltaket er gjennomført
  • Sluttrekneskapen skal vere kontrollert og signert av nokon som ikke har vore delaktig i føringa av rekneskapen i tillegg til rekneskapsførar

Vedtak om tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at det ikkje er klagerett på dette vedtaket (jf. LOV-1967-02-10).

Det er eit krav at mottatt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal synleggjerast i program, informasjonsdokument, rapportar og liknande. 

Det skal komme fram i årsmelding og eigen post i rekneskapen at det er mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.