Tilskot til bygningar og anlegg i verdsarvområdet

Denne tilskotsordninga skal bidra til at verdsarvområdet blir utvikla som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturminneforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Tilskotsposten skal medverke til at skjøtsel, vedlikehald og istandsetting av kulturminne og kulturmiljø følgjer beste praksis og blir nytta som ressurs i ei berekraftig samfunnsutvikling. Tilskota blir løyvd frå statsbudsjettet for 2021, kapittel 1429 post 79.

Skriv ut

Vi gjer oppmerksom på at søknadsportalen skil mellom støtteordningane for tilskot til kulturminne i verdsarvområdet Geirangerfjord-Herdalen og tilskot til kulturminne med regional og høg lokal verdi elles i fylket. Ver nøye med å velje rett ordning.

Kven kan søke?

  • Private eigarar av faste kulturminne innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Stranda og Norddal 
  • Private stiftingar, foreiningar/ organisasjonar/ sameige, næringsverksemder, frivillige og liknande
  • Kommunar og musea

Kva kan du søke tilskot til?

  • Konkrete tiltak for bevaring av bygningar og anlegg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Stranda og Norddal.
  • Tilskotet skal dekkje meirkostnader, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø.
  • Det vert ikkje gitt tilskot til teknisk standardheving.

Søknadsfrist:

1. november

Korleis søker du:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. september, 6 veker før søknadsfristen 1. november. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot. Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkjarane.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring og foto av kulturminnet (oversiktsbilete og detaljbilete) 
  • Tilstandsvurdering og skildring av det planlagde tiltaket 
  • Spesifisert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar 
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå restaureringskyndig handverkar og/eller rådgivarar 
  • Finansieringsplan

Vilkår for tilskot:

  • Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal skje i samsvar med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar på heimesida.
  • Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til. 
  • Som hovudregel skal tilskotet ikkje overstige 50-70 prosent av budsjettet. Unntak frå dette må vurderast i lys av formålet med tiltaket, kulturminnet sin verdi, eigaren si nytte og om det ligg føre urimeleg stort vedlikehaldsansvar.

Dokumenter

Kontakt