Prosjekttilskot til frivillig verksemd

Vi lyser no ut midlar til frivillig verksemd der vi vil prioritere søknadar som stimulerer til auka aktivitet i kultur- og idrettsfrivilligheita.

Skriv ut

Støtteordninga har som formål å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande kulturaktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i idretten, kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. I tillegg ønskjer vi å stimulere til nettverksbygging og samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor.

Kven kan søke?

  • Allmennkulturelle aktørar
  • Idretts-, kunst- og kulturorganisasjonar med eit regionalt nedslagsfelt (lokallag, medlemmer eller aktivitet som omfattar minst 5 kommunar)
  • Regionalt-/fylkesledd av frivillige organisasjonar

Søkjar må være registrert i Brønnøysundregisteret eller Frivillighetregisteret.

Kva kan du søke tilskot til?

Enkelttiltak eller prosjekt som omfattar aktivitet med eit regionalt nedslagsfelt, er av interesse for store deler eller heile fylket og som stimulerer til utvikling av nye idear, samarbeid og eit aktivt og mangfaldig kulturliv.

Det blir normalt ikkje gitt tilskot til:
Tilskot til trussamfunn, politisk verksemd, humanitær verksemd, organisasjonar eller aktørar som samlar inn eller vidareformidle midlar, organisasjonar eller aktørar som fremmer eigne medlemmer sine økonomiske eller yrkesmessige interesser blir ikkje prioritert.

Søknadsfrist:

1. april

Korleis søker du støtte?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 18. februar, seks veker før søknadsfristen 1. april. Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

Vilkår for tilskot:
Sjå vedlagte retningsliner nedst på sida, under «Dokumenter».

Dokumenter

Kontakt