Etablering og utvikling av frisklivssentralar

Tilskotet skal stimulere til utvikling av kommunale helse- og omsorgstenester, fremme fysisk og psykisk helse, førebygge sjukdom, bidra til meistring av sjukdom og til betra bruk av ressursar i den samla innsatsen i helse- og omsorgstenestene. Med atterhald om endringar i statsbudsjettet er ramma 1,5 mill. kroner.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å stimulere kommunane til etablering og vidare utvikling av frisklivs-, lærings- og mestringstilbod som bidreg til å fremje helse og livskvalitet, førebygge sjukdom, tidleg intervensjon, og til at brukarane lærer å meistre livet med sjukdom.

Kven kan søke?

Kommunane i Møre og Romsdal

Kva kan du søke tilskot til?

Du kan søke om tilskot til etablering og vidareutvikling av kommunale frisklivs-, meistring og læringstiltak.

Søknadsfrist: 

15. februar 2021

Korleis søker du støtte?

Når støtteordninga er open kan du søke støtte elektronisk, sjå link nedst på sida for mal for prosjektsøknad. Søknaden skal underteiknast av rådmann eller den som har mynde. Søknaden skal sendast elektronisk til post@mrfylke.no.

I søknaden må det kome tydeleg fram korleis tildelingskriteria i regelverket, pkt. 7 (lenke opnast i ny fane) blir oppfylt.

Søknaden må innehalde:

  • informasjon om søkjar, adresse, organisasjonsnummer, kontonummer og kontaktperson
  • søkjars formål med tilskotet
  • prosjektbeskriving/skildring av tiltak og målgruppe
  • søknadsbeløp
  • budsjett
  • delfinansiering/tilskot frå andre instansar
  • eigenfinansiering
  • prosjektets organisering og forankring
  • utgreiing for dei interne og eksterne kontrolltiltak som skal sikre korrekt rapportering og måloppnåing (for eksempel interne kontrollaktiviteter, internrevisjon, autorisert revisor/ikkje autorisert revisor, andre offentlege tilsyn og Riksrevisjonen)

_____________________________

Nyttig informasjon:

  • I 2020 kom eit revidert regelverk. Fylkeskommunen har overtatt forvaltning av tilskotet frå Fylkesmannen. Sjå regelverket lenger nede på sida. Kommunar som fekk tilskot i 2019, må levere rapport og rekneskap for dette til Fylkesmannen.
  • Tildeling av/avslag på tilskot er ikkje eit enkeltvedtak og ifølgje forvaltningslova § 28 er det dermed ikkje klagerett.
  • For tilskot gitt i 2020 er det frist for rapportering 31. mars 2021.
  • Kultur-, næring- og folkehelseutvalet skal behandle saka i møtet sitt i mars 2021.

Dokumenter

Kontakt