Tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket

I jordbruksoppgjeret 2019/2020 vart det sett av midlar til to støtteordningar som frå 2020 er forvalta av fylkeskommunen. Desse er (tildelt ramme Møre og Romsdal 2020 i parentes): 
1.    Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket (3,53 mill. kroner)
2.    Regionale tilskot til rekruttering og kompetanseheving (1,04 mill. kroner)

Møre og Romsdal vil forvalte desse to tilskotsrammene som ei tilskotsordning, under overskrifta «Tilskot til næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Møre og Romsdal». Ordninga er no publisert i søknadsportalen www.regionalforvaltning.no, og fylkeskommunen er klar til å ta imot søknader. 
 

Skriv ut

Formål:

Tilskotsordninga skal legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket.

Kva kan du søke tilskot til?

Det kan bli gitt tilskot til tiltak som legg til rette for utvikling av konvensjonell eller økologisk drift i landbruket, eller til utvikling av andre landbruksbaserte næringar. 

Det kan også gjevast tilskot til tiltak som bidrar til rekruttering til landbruksnæringa og tiltak som styrker rekruttering til landbruksutdanning og kompetanseheving hos næringsutøvarar.  

Kven kan søke om støtte?

Det kan gjevast tilskot til kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Einingsregisteret. Føretak kan også søke, dersom tiltaket har som formål å fremme fellesgode knytt til næringsutvikling. Fylkeskommunen kan vere mottakar dersom arbeidet er knytt til kompetanseheving eller etter- og vidareutdanning i landbruket

Søknadsfrist:

Løpande gjennom året, så lenge det er midlar. 
Søknader om under 500 000 kroner i tilskot vil kunne bli behandla administrativt, medan større søknader vil bli lagt fram for politisk behandling.

Korleis søker du:

Du søker via Regionalforvaltning. Sjå lenke under.

Kontakt