Tilskot til kulturelle og kreative næringar

På grunn av koronakrisen har vi utsatt fristen til 8.april ved midnatt og endra retningslinjene for egenfinansiering. Sjå meir informasjon om dette i Regionalforvaltning på lenken lenger nede på sida.

 

Prosjektet “Ein bit av historia” skal legge til rette for både økonomisk, kulturell, sosial og miljømessig verdiskaping. Verdiar skal skapast ut i frå kulturarven langs bestemte historiske strekningar i Møre og Romsdal, pilegrimsleder og Den Trondhjemske postveg. 

Skriv ut

Målet med utlysinga er å:  


•    Stimulere til næringsutvikling innan kulturelle og kreative næringar
•    Stimulere til idéutvikling og innovasjon
•    Løfte fram idear som gjer at kulturarven bli brukt, tatt vare på, gjort kjent og utvikla
•    Løfte fram idear som har potensial til å gi økt aktivitet og inntekt til bedrifta
•    utvikle nye opplevingar basert på kulturarv

Kva kan du søke tilskot til?

Kunstnariske og kulturelle produksjonar, produkt eller tenester som bidreg til å formidle kulturarven spesifikt knytt til pilegrimsleder og Den Trondhjemske postvei i Møre og Romsdal. 

Kven kan søke?

Kulturelle og kreative næringsaktørar kan søke; enkeltpersonsføretak og bedrifter innan bransjane: visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film, arkitektur, design, mote og dataspel.
Fleire føretak/bedrifter kan samarbeide om ein søknad

Korleis søker du?

Du søker via Regionalforvaltning. Sjå lenke lenger nede på sida. 

Kontakt