Idrettsstipend til unge utøvarar og klubbar i fylket

Unge idrettsutøvar mellom 16 og 23 år, som kan vise til gode prestasjonar innan idrett, kan no søke stipend. Dette gjeld også klubbar i fylket som kan vise til god drift og høgt aktivitetsnivå. 

Skriv ut

Den totale ramma for idrettsstipendet er 150 000 kroner. Eit stipend skal gå til ein kvinneleg utøvar, eit stipend til ein mannleg utøvar, og eit stipend til klubb som kvar vil få 50 000 kroner.

Tidlegare vinnarar

Av tidlegere vinnarar av stipendet kan vi nemne mellom anna Felix Baldauf (bryting), Emilie Øveraas (golf), Molde HK, Vestnes/Varfjell IL, Toralv Opsahi (friidrett) og Birte Franck- Petersen (friidrett).

Inspirasjon og motivasjon

Formålet med ordninga er å gje inspirasjon og motivasjon til enkeltutøvarar eller individuelle utøvarar og klubbar til å utvikle seg vidare. Det vil også gje klubbar moglegheit til kompetansehevande tiltak eller innkjøp av utstyr. –Gjennom idrettsstipendordninga håpar fylkeskommunen å gje unge utøvarar moglegheit til å kunne utvikle seg, anten ved å delta på ulike samlingar, innkjøp av nytt utstyr eller delta i konkurransar nasjonalt og internasjonalt. Samtidig håpar vi også å kunne behalde dei unge utøvarane lenger i fylket.

Søknadsfrist 15. april

Alle som ønsker å søke, bør lese retningslinjene før dei fyller ut søknaden. Søknadsfristen vil i år vere 15.april.

Idrettsstipend for enkeltutøvar 2020
Kryss av for rett alternativ
www.antidoping.no
Idrettsstipend for klubb 2020
www.antidoping.no

Dokumenter

Kontakt