Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken skal gi gode kunst- og kulturprosjekt for eldre og legge til rette for auka samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren.

Skriv ut

Kva kan du søke tilskot til?

Kommunar kan søke om midlar til kunst og kulturtilbod til eldre. Pengane skal gå til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet innan alle sjangrar som musikk, scenekunst, film, litteratur og visuell kunst. Tilbodet skal skje på arenaer der dei eldre er i dagleglivet.

Kommunane får ikkje tilskot til bevertning, investeringar, utstyr, administrasjonstiltak, planleggingstiltak eller kompetanseutvikling.

Kven kan søke?

Kommunar i Møre og Romsdal. Samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt, regionalt eller nasjonalt er ein føresetnad for tildeling av midlar.

Søknadsfrist:

1. november

Korleis søker du:

Støtteordninga opnar for nye søknadar 6 veker før søknadsfristen 1. november.

Dokumenter

Kontakt