Tilskot til etablering og utvikling av frisklivssentralar

Det er no mogleg å søke om tilskot til kommunale frisklivs-, meistring og læringstiltak. Møre og Romsdal fylkeskommune forvaltar tilskotet på vegne av Helsedirektoratet og har i 2020 1,5 millionar kroner til disposisjon for tilskotsordninga.

Skriv ut

Formål:

Stimulere kommunane til etablering og vidare utvikling av frisklivs-, lærings- og mestringstilbod som bidreg til å fremje helse og livskvalitet, førebygge sjukdom, tidleg intervensjon, og til at brukarane lærer å meistre livet med sjukdom.

Kva kan du søke tilskot til?

Du kan søke om tilskot til kommunale frisklivs-, meistring og læringstiltak.

Kven kan søke?

Kommunane i Møre og Romsdal

Søknadsfrist: 

  1. mars 2020

Søknaden må innehalde: 

  • Søkaren sitt mål med tilskotet
  • Skildring av tiltaket ein skal søke tilskot til
  • Budsjett
  • Delfinansiering eller tilskot frå andre instansar
  • Eigenfinansiering
  • Utgreiing for dei interne og eksterne kontrolltiltak som skal sikre riktig rapportering og måloppnåing 
  • Søkar si vurdering av risiko ved prosjektet

Korleis søker du?

  • I søknaden må det kome tydeleg fram korleis tildelingskriteria i regelverket (pkt.7) blir oppfylt. Sjå link nede på sida for mal for prosjektsøknad.
  • Søknaden skal underteiknast av rådmann eller den som har mynde.
  • Søknaden skal sendast elektronisk til: post@mrfylke.no

Greit å vite:

  • I 2020 kom eit revidert regelverk. Fylkeskommunen har overtatt forvaltning av tilskotet frå Fylkesmannen. Sjå regelverket lenger nede på sida.
  • Tildeling av/ avslag på tilskot under ordninga er ikkje eit enkeltvedtak. Ifølgje til forvaltningsloven § 28, er det ikkje klagerett.
  • Frist for rapportering: 31.mars 2021
  • Kommunar som fekk tilskot i 2019, må levere rapport og rekneskap for dette til Fylkesmannen.

Kontakt