Møremusikarane -faste

Møre og Romsdal fylkeskommune vil ta imot søknader om møremusikarteneste også til neste frist 15.mai 2020. Behandling av søknader vert gjort på ein måte som ivaretek gjeldande situasjon rundt Covid-19 og smittefare. Nasjonalt forbod mot idretts- og kulturarrangement gjeld førebels til 15. juni, og søknader med konsert- eller produksjonsdato før denne datoen kan ikkje bli innvilga. Eventuelle nye nasjonale retningslinjer vil vere premissleverandør for korleis søknadane blir behandla.

Vi gjer merksam på nettsida om informasjon til kulturfeltet https://mrfylke.no/om-oss/koronaviruset/informasjon-til-kulturfeltet , og om våre øvrige tilskot https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend

Møremusikarordninga er ei profesjonell musikarordning som skal sikre gode musikktenester til kulturlivet i Møre og Romsdal. Ordninga omfattar mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune sine fast tilsette musikarar og verksemda deira. Arrangørar kan også søke om tilskot for å få delvis dekt kostnadene med å engasjere profesjonelle frilansmusikarar. Les meir om å søke arrangemenstøtte her 

Skriv ut

Kva kan Møremusikarordninga nyttast til?

Instruksjonsoppdrag, alle typer konsertar, akkompagnering, arrangering og komponering, assistansespill i amatørensembler, medverknad i profesjonelle ensembler, kulturelle innslag ved til dømes kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd med meir.

Kven kan søke om Møremusikartenester? 

  • Konsertarrangørar av alle typar konsertar
  • Lag og organisasjonar 
  • Det frivillige musikklivet som til dømes kor, korps, band og orkester 
  • Det lokale næringslivet 
  • Festivalarrangørar m.f. 

Kven kan ikkje søke?

Kommunar (inklusiv kulturskolar), fylkeskommunen, undervisningsinstitusjonar og private arrangement.

Korleis søker du?

Søknadsskjema og meir informasjon finn du på Møremusikarane sine eigne nettsider, sjå lenke under.

Fristane for å søke om Møremusikartenester: 15.februar, 15.mai, 15.september og 15.november.