Konsertstøtte

Møre og Romsdal fylkeskommune vil ta imot søknader om konsertstøtte også til neste frist 15.mai 2020. Behandling av søknader vert gjort på ein måte som ivaretek gjeldande situasjon rundt Covid-19 og smittefare. Nasjonalt forbod mot idretts- og kulturarrangement gjeld førebels til 15. juni, og søknader med konsert- eller produksjonsdato før denne datoen kan ikkje bli innvilga. Eventuelle nye nasjonale retningslinjer vil vere premissleverandør for korleis søknadane blir behandla.

Vi gjer merksam på nettsida om informasjon til kulturfeltet https://mrfylke.no/om-oss/koronaviruset/informasjon-til-kulturfeltet , og om våre øvrige tilskot https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend

Møre og Romsdal fylkeskommune kjem ikkje til å krevje tilbake tilskot til kulturarrangement som no blir avlyst på grunn av Koronapandemien.Les meir på denne lenka

 

Tilskotsordninga skal bidra til å stimulere kulturarrangement i fylket.

Skriv ut

 

 Kven kan få tilskot

 

- Kulturarrangement der det profesjonelle og det frivillige musikklivet samarbeider om fremføringane på scenen, og der formidling av musikk er hovudmålet.

- Tilskotsordninga rettar seg til ikkje-kommersielle, økonomisk ansvarlege arrangørar i Møre og Romsdal.

- Alle offentlege arrangement - dvs. arrangement utlyst og tilgjengeleg for allment publikum.

Søknadsfrist:

Søknadsfristar er 15.februar, 15.mai, 15.september, 15.november.
Søknadane blir behandla fire gongar i året, etter desse fristane: 15.02, 15.05, 15.09, 15.11

Korleis søker du:

Søk via Regionalforvaltning. Sjå lenke under.