Bedriftsintern opplæring (BIO) - omstilling

Skriv ut

Formål:

Tilskot til bedriftsintern opplæring skal bidra til å motverke oppseiingar ved å styrke kompetansen til tilsette i bedrifter som har omstillingsproblem, og som på bakgrunn av desse må foreta ein vesentlig endring av bedrifta sin produksjon eller etablere seg på nye marknader.

Kva kan du søke tilskot til?

Bedriftsintern opplæring skal innehalde teori, eventuelt kombinert med praktisk trening. Det vert berre gitt tilskot til opplæring som kjem i tillegg til bedrifta si ordinære opplæring. Det vert ikkje gitt tilskot om det er knytt bindingstid til opplæringa, eller om opplæringa er obligatorisk for at tilsette skal oppfylle fastsette nasjonale krav.

Det vert berre gitt tilskot til gjennomføring av opplæring av eigne tilsette. Det vert ikkje gitt tilskot til bedriftsintern opplæring for tilsette som er 100 prosent permittert. Delvis permitterte kan delta i opplæringstiltak i den tida dei er i jobb.

Ytterlegare kriteria for ordninga finn du i «Retningsliner for BIO-ordninga 2020».

Kven kan søke?

Bedrifter med omstillingsproblem

Søknadsfrist

Løpande gjennom året. 

Søknaden må vere sendt innan 30. november 2020 for behandling i 2020. 

Korleis søker du?

Fylkeskommunen har eit tett samarbeid med marknadskoordinatorane i Nav i forvaltning av ordninga for 2020. Fylkeskommunen ønskjer at alle bedrifter i forkant av søknad gjennomfører eit møte med marknadskoordinator i Nav i sin region saman med fylkeskommunen.

Dokumenter

Kontakt