Bedriftsintern opplæring (BIO 2) - nettbasert opplæringstilbod

Skriv ut

Formål:

Målgruppa for ordninga er bedrifter som ønsker å legge til rette for kompetanseheving for sine tilsette.

Formålet med ordninga er å legge til rette for nettbasert opplæring innanfor ulike kompetanseområde som vil medverke til omstilling når aktiviteten i bedrifta tek seg opp att. Ordninga er open for bedrifter i alle bransjar i Møre og Romsdal.

Ordninga er primært retta mot personar som er heilt eller delvis permittert, men personar som ikkje er permittert kan også inngå i prosjektet.

Kva kan du søke tilskot til?

«BIO 2» kan omfatte alle eksterne kostnadar knytt til nettbaserte opplæringstilbod som kjem i tillegg til bedrifta si ordinære opplæring.

  • Fylkeskommunen kan støtte inntil 100 prosent av bedrifta sine eksterne opplæringskostnadar, for eksempel kursutgifter, deltakaravgifter og liknande
  • Fylkeskommunen kan også dekke bedrifta sine interne kostnadar knytt til utvikling og gjennomføring av slik opplæring, dersom de heller vil bruke interne ressursar.
  • Fylkeskommunen kan dekke inntil 100 prosent av kostnadane ved å legge til rette for nettbaserte opplæringstilbod for bedrifter.

Fylkeskommunen kan ikkje dekke løn til deltakarane på opplæringstiltaket.

Kven kan søke?

Enkeltbedrifter og samanslutningar av bedrifter som ønsker å gjennomføre nettbaserte kompetansehevingstiltak for sine tilsette.

Samanslutningar av bedrifter, til dømes klyngeprosjekt, næringsforeiningar, destinasjonsselskap, næringshagar etc. kan søke om støtte til å legge til rette for nettbaserte opplæringstiltak for medlemmane sine.

Vi oppfordrar små og mellomstore bedrifter til å gå saman om felles søknadar, for eksempel gjennom næringsforeiningar, bedriftsnettverk, næringsklynger eller bransjeorganisasjonar.

Søknadsfrist:Vi vil behandle søknadane løpande.

Korleis søker du:

Alle søknadar skal gå gjennom Regionalforvaltning, sjå lenke under.

Kontakt