Ungdommens fylkesting

Kvar haust arrangerer Ungdomspanelet (UP) og Møre og Romsdal fylkeskommune Ungdommens fylkesting (UFT). UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterar viktige saker som gjeld ungdom i fylket. I tillegg vel dei eit UP som sitt arbeidsutval som jobbar mellom kvart fylkesting. UFT lagar eit handlingsprogram som Ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året og Ungdomspanelet rapporterar til UFT om sitt arbeid.

Kommunane i Møre og Romsdal blir invitert til å sende to delegatar til ungdommens fylkesting. Kommunar større enn 20 000 innbyggarar får sende tre delegatar.

Ungdomspanelet kan invitere inntil 10 delegatar frå organisasjonar som representerer ungdom til ungdommens fylkesting. Desse delegatane har røyste-, tale- og forslagsrett.

Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart år blir det invitert forskjellig gjester som stiller med kunnskap og engasjement.

Gjennom UFT og UP skal ungdom i Møre og Romsdal få reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdommens samfunnsengasjement. UFT og UP skal stimulerer til politisk engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.

Spørsmål: ungdomspanelet@mrfylke.no 

Snarvegar

Kontakt