Fagskolestyret

Leiar
Per Ivar Lied (Sp)
Medlemmar 
Line Hoem (Ap)Pål Farstad (V)Hans Kjetil Knutsen (SUNML)Monica Molvær (H)
Bjørnar Dahle
Representant frå arbeidsliv
Marthe Outzen
Representant frå arbeidsliv
Haldor Sæther
Tilsettrepresentant
Nils-Thomas W. Krøs
Studentrepresentant

Fagskolestyret er det øvste organet for fagskoleutdanninga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Styret har ansvaret for å drifte og utvikle fagskoletilbodet i samsvar med føremålet for fagskolen.

Styret har ansvaret for at opplæringa ved studiestadene til fagskolen er i samsvar med lover og forskrifter som gjeld for verksemda, og at tilbodet er i samsvar med godkjenninga frå NOKUT.

Styret har ansvaret for det fysiske og psykiske arbeids – og læringsmiljøet til tilsette og studentar.

Fagskolestyret har 7 medlemar med røysterett med personlege varamedlemar. Styret skal ha slik samansetjing: leiar i Utdanningsutvalet, ein representant frå Regional – og næringsutvalet, leiar og nestleiar i Yrkesopplæringsnemda og tre representantar frå næringslivet oppnemd av Yrkesopplæringsnemda.

Studentar og tilsette skal ha to representantar kvar med møte-, tale og forslagsrett for Fagskolestyret