Regional planstrategi

Regional planstrategi (RPS) er fylkeskommunen sitt grunnleggande plandokument. Dette er eit overordna plandokument som viser dei største utfordringane og moglegheitene for fylket framover og kva planar vi skal ha for å møte desse. Her gjer vi val som påverkar utviklinga i Møre og Romsdal. Dokumentet styrer korleis vi prioriterer ressursane våre i økonomiplan og budsjett, og skal ligge til grunn for både statleg og kommunal planlegging i fylket. 

Kvar valperiode utarbeider vi ein ny regional planstrastegi i samarbeid med kommunar, statlege organ og organisasjonar. Planstrategien skal ta utgangspunkt i nasjonale mål og rammer, men legge vekt på lokal erfaring og kunnskap. Fylkestinget skal vedta planstrategien, før den blir godkjend av Kongen. 

Kva inneheld RPS?

Strategien gir ei oversikt over dei største utfordringane og moglegheitene for fylket framover, langsiktige mål og kva planar vi skal ha for å møte desse.

Den inneheld ei oversikt over kva samfunnsområde vi skal lage eigne planar for og for korleis vi skal involvere innbyggarane, kommunar, statlege organ, organisasjonar og institusjonar i dette arbeidet. 

Den viser også til nasjonale forventningar for den regionale planlegginga og korleis vi skal ta omsyn til desse i Møre og Romsdal.

Vi involverer kommunar, innbyggarar, organisasjonar og andre i arbeidet

I arbeidet med RPS vil vi skal involvere andre aktørar som strategien vil ha betydning for. Det er viktig med lokal erfaring og kunnskap frå ulike partar, for å få ei felles forståing og einigheit om kva som er hovudfordringane i regionen, og kva utfordringar som bør prioriterast. Medverknad i RPS er lovpålagt.

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt