Med over 2500 medarbeidarar, og ‘høg kompetanse og utviklingsdriv’ som varemerke, er vi opptatt av å vere ein god og attraktiv arbeidsgivar. Vi jobbar kontinuerleg med å bygge ein kultur for læring og utvikling for dei som jobbar hos oss.
Vil du vere med å drive samfunnsutvikling på høgt nivå, er Møre og Romsdal fylkeskommune arbeidsplassen for deg.
Ønsker du å søke jobb hos oss, må du sende elektronisk søknad og cv i søkeportalen vår. Alle ledige stillingar blir lagt ut på mrfylke.no/jobb.
Lurar du på kor mange som har søkt på stillinga? Det finn du oversikt over her.
Har du søkt jobb hos oss før, ligg CV'en din lagra i portalen.
Du kan også gå inn på rekruttering/mrfylke.no for å søke jobb, oppdatere cv og anna informasjon.
Gå inn på Rekruttering.mrfylke.no. Klikk på Glemt brukarnavn/passord.
Skriv inn brukarnamn eller e-post for å få nytt passord.
All informasjon som du gir frå deg når du søker jobb hos oss, blir behandla i samsvar med personopplysningslova.
Alle som har sendt inn søknad vil få kvitterin på e-post om at søknaden er mottatt. Dette skjer når søknadsfristen ha gått ut.
Nokre få stillingar eller delar av stillingar kan gå til personar som alt er tilsette med førerett i Møre og Romsdal fylkeskommune. I slike høve vil vi straks fjerne utlysingsteksta frå nettsida vår.
Gå inn på Rekruttering.mrfylke.no. Logg deg inn med brukarnamn og passord. Klikk deg inn på Kompetanse for å endre CV. Inne på Søknader kan du sjå oversikt over søknadar du har sendt, og kven andre som har søkt dei same stillingane.
For å utvikle våre medarbeidarar, tilbyr vi leiarutviklingsprogram, leiaroppfølging, medarbeidar- og utviklingssamtalar, kompetanseplanlegging og ulike kompetansetiltak.
Fylkesakademiet tilbyr ulike kompetansetiltak og kurs for tilsette innan arbeidsgivar- og organisasjonsområdet. Akademiet står bak organisasjonskonferansen, leiarutviklingsprogram, introduksjonsdag, kurs og ulike kompetansetiltak. Kvart år tilbyr vi ein oppdatert kurskatalog for dei tilsette.
Som tilsett i sentraladministrasjonen i fylkekommunen er du tilslutta pensjonsordninga i KLP. Undervisningspersonale i dei vidaregåande skulane tilslutta pensjonsordninga i Statens pensjonskasse.
Du som tilsett er forsikra i KLP. Forsikringsavtalen omfattar:
Les meir om pensjonsordninga i klp her.
Her finn din meir om pensjonsordninga i Statens pensjonskasse.