Slik blir dei politiske møta gjennomført framover

Regjeringa har frå 7. mai endra retningslinjene for kor mange som kan møtast i offentlege arrangement. Dette inkluderer politiske møte.

Skriv ut
  • Frå og med veke 22 vil fylkesutval, hovudutval og andre utval bli gjennomført på fylkeshuset i Molde, med inntil 15 deltakarar
  • Alle møta vil bli lagt til møterom 102 i 1. etasje på Fylkeshuset. Dette rommet er tilrettelagt for å gjennomføre møte, i tråd med retningslinjene om smittevern. 
  • Medlemmane som av ulike årsaker ikkje har høve til å møte, fordi dei er i risikogruppe eller har symptom på sjukdom, kan delta digitalt.
  • Møta blir fortsatt streama så lenge det er grenser for kor mange som kan møtast. Slik tek vi omsyn til prinsippet om offentlige møte, slik at mellom anna media og andre tilhøyrarar får med seg det som skjer i møta.
  • Fylkestinget 15.-16.juni vil bli gjennomført som digitalt møte.